Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Halvdan Koht, Det nye i norderlendsk historie kringom år 1300
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det nye kringom år 1300. 177
Krigen vart ikkje lenger berre ein ufred mellom dei to rika,
men dessuta ein strid om mäkta i Danmark.
Endelykta vart ein siger for dei sambundne, og det er
vel verdt å legge merke til dei uppgjerds-vilkåra som vart
vedtekne i freden — i forma ei avtale om våpenstillstand —
i 1295. Det er sjölsagt at dei norske rikshovdingane — kong
Eirik og bror hans hertog Håkon — no skulde få dei danske
ervelanda sine til fritt rådveide. Og dei danske utlæge skulde
få att ait ættegodse sitt og få leve fritt og fredleg i
Danmark. Merkelegare er det at eit par slott som dei utlæge
hadde vunne og reist i Danmark i krigsåra — Hjelm attmed
Jylland og Hunehals i Nord-Halland — skulde bli haldne
den norske kongen til handar, og Nord-Halland vart i röynda
verande eit norsk lén under ein av dei danske utlæge, om
det så framleis vart rekna til Danmarks rike. Attpå måtte
den danske kongen godta godskrav og maktkrav fra store
danske lénsmenner som hadde gått imot han i krigen,
ser-leg hertogen i Slesvig. Freden var såleis endefram ein siger
for feudalmakta i Danmark.
Ingen av partane rekna freden for meir enn eit
våpenstillstand, og serskilt den som hadde tapt, den danske kongen,
Erik Menved, budde seg på å vinne att det tapte. Han og
sökte samband utalands, og han vendte seg til den svenske
kongen, Birger Magnusson. Sambande fikk form i eit
dob-bel-giftarmål: kong Erik gifte seg i 1296 med syster til kong
Birger, og Birger vart i 1298 gift med syster til Erik. Birger
stod i same striden som Erik; eit adeleg riksråd hadde styrt
for han sia han vart konge i barneåra (1290), og no som
han vart myndig, galdt det for han å samle riksmakta på
nytt under kongen. Her mötte han den störste vansken i
tilhöve til sine eigne bror, hertogane Erik og Valdemar, som
han måtte gi store len å styre, og sjöl var han veik og
vinglande, så han greidde ikkje fylgje ei fast line i politikken sin.
Han vart ikkje mykje å lite på.
Åre 1302 kom til å bere fram ei svingning i den
skandinaviske sambands-politikken og samstundes til å binde han
fastare i hop med feudalspörsmåle. I det åre vart det hälde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>