- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
13

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

i lover og skikkjer; men ikkje med Danmark
og andre land. Og no maa Noreg koma aat
oss og standa sida um sida med Sverikje.«

Men nordmennerne vyrde ikkje breve. Det
hadde vore ein krig ei stund fyrr, som dei kalla
sjauaars-krigen. Og daa hadde svenskarne brent
upp Oslo og Hamar og Sarpsborg, og fare so
stygt at med domkyrkjom vaare baade i
Trondheim og paa Hamar, at svenskehate brann i
kvar ei bringa. »Svenskeradde« var eit stygt
fantord; aa »gjera svenske av seg« var det same
som aa vera ein skarv.

Den gongen visste dei ikkje av korkje eksis
elder eksis-plass elder mundering eller noko
slikt. Det var ikkje i bruk endaa; det kom 30
aar seinare. Men dei dreiv det paa den gamle
maaten. Naar kongen baud ut til krig, so
lagde dei i skreppa si og sola uppatt skorne
sine og klædde seg godt; og so tok dei med
seg det vaapne dei hadde, anten det no var
gjevær elder sverd elder øks. Men det hadde
ikkje lenger det lage som i gamle dagar.
Ungdomen hadde slutta med aa øva seg heime i
bygdom; og daa var dei vorte stinne og stive.
Naar dei so kom aat krigen, var dei ikkje
stort tess.

Daa fann kongarne paa den skikken, at dei
leigde krigsfolk fraa framande land for pengar.
Dei kom mesta ifra Skottland og Nord-Tyskland.
I Skottland var det smaatt um mat, men sterke,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free