- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
14

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hardføre gutar. So tok dei ut og skulde føda
seg, og gjorde krigen til handverk. Dei leigde
seg burt aat den som gav mest; dei slost for
aa liva og livde for aa slaast; dei slost best,
naar det var mykje aa røva. Gud hjelpe det
lande som vart fyre desse leigesveinom — dei
for fram som ulvar!

Aat slike folk tydde Gustav Adolf no.

IV.

Det var ein svensk overst, som heitte Johan
Munkhaven; han for ikring og leigde krigsfolk
aat kongen sin. Han var komen til Skottland;
og der raaka han ein skotte, som heitte Georg
Sinklar; han med var overst. Desse tvo slo seg
saman. Og sidan for dei ikring i kross og krok
og leigde.

No vilde Munkhaven heim, og drog i hop
det folke han hadde fenge. Men meiningi var,
at Sinklar skulde koma etter med meir.

So for Munkhaven. Han hadde eit fylgje
paa 1400. Det var ikring midsumar leite 1612
han kom yver sjoen. Han skulde til Sverikje;
men sjø-vegen var full med danske skip og faarleg
aa fara. Da styrde han beint paa Noreg og
vilde slaa seg beinveg. Han for inn gjenom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free