- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
15

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 15 —

Trondheims-fjorden. Daa han kom aat Trond,
heim, gjekk han paa staden. Han tenkte han
skulde skræmt folke og gjort eit kaup. Men
bymennerne tok imot honom so kvast, at han
var glad han kom seg der ifraa. Han tok til
lands inne i Stjørdalen. Lensherren som raadde
i desse bygdom heitte Steen Bilde; det var ein
dansk adelsmann. Og han høyrde um fienden
som for, og — sat roleg. Bønderne var tri
gonger so mannsterke, men dei vanta hovding.
Og Munkhaven og dei 1400 for fram, herja og
brende og hadde fred. Paa slik vis kom dei
inn i Herjedalen og Jamteland og sidan aat
Sverikje, og er ute or denne soga.

Daa kong Kristian fekk høyra dette, sende
han bod paa Steen Bilde. Men Steen Bilde
torde ikkje koma. Han hadde ein bror i
Danmark, og skreiv til honom og bad honom møta
og forsvara seg. Og broren møtte, men bad
berre um naade. Steen Bilde vart dømd soleis:
han skulde missa embætte sitt i Noreg; han
skulde fara ut or »kongens riger og lande« og
vera fredlaus i 3 aar; daa skulde han fara til
ein framand konge som hadde ufred, og ganga
i krigstenest der — og tena upp att æra si; og
naar han kom heim, skulde han leggja fram brev
paa at han so hadde gjort.

Men Steen Bilde for ned aat ein av venom
sine i Danmark og gjøymde seg og livde vel.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0017.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free