- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
17

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— i7 —

Han var i land paa ei liti øy ytst ute. Der
budde ein riking, kona hans var gløggtenkt og
urædd; ho tok imot Sinklar. Han gav seg i
tale med henne og var lentug og kvat. Han
fortalde ikkje kven han var. Men ho sa ho
skyna nok kva han for etter, baade han og
folke hans. »Men venta, til du kjem i kast
med dølom, skal du faa bøygja nakken og
kyssa torva,« sa ho. Daa vart Sinklar sint.
Han gjorde henne ingen ting, men han svor
at naar han hadde vunne lande, skulde han
koma att og hogga henne i stykkje.

So for han inn Romsdalsfjorden. Dette
var den 19de august 1612, paa ein onsdag.

Daa dei kom inn i fjorden, sat det ein
bonde i ein baat og fiska; og ei liti gjenta sat
med aarom og andøvde. Det var Ivar Helland
fraa Vestnes og den vesle dotter hans. Skottarne
haka til seg baaten og tok dei upp paa skipe.
Gjenta gret. So gav dei henne ei sylv-fingerbjør
og ei soks med handtak av sylv, og sette henne
ned i baaten og sende henne til lands. Gjenta
kom vel heim, og det ho hadde fenge vart
gjøymt og framsynt lengje etter.

No tok dei Ivar Helland til aa styra. Dei
baud, at han skulde styra dei beint inn til
Romsdals-nese. Der endar fjorden; og der tek
den faste vegen til, som gjeng upp aat
Gudbrandsdalen. Men daa dei kom so langt at
det er att berre ein fjorung, so ligg der ein

2 — Sinklar-Soga.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0019.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free