- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
18

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gard paa vinstre handi, som heiter Klognes.
Mannen heitte Per. Han vart var skipe og
tenkte det var korn-skip. No var han kornlaus.
Dermed tok han pungen, som det var tri danske
dalar i, og rodde utpaa. Daa han kom ut til
dei, saag han straks at det var ikkje korn-skip.
No segjer Ivar, at han er ikkje kjend lenger;
i alle fall vaagar ikkje han aa sigla lenger med
so store skip. So slepte dei honom, gav honom
ei liti løn for umaken, og tok fat paa Per. Per
tenkte seg kvast um, og so segjer han: »Det
er uraad og livs spille for folk og skip aa fara
lenger.« Sinklar beit paa kroken og bad honom
aa styra til lands. Daa sette han dei inn paa
ein hamar tett med garden sin. Sidan vart
dette stelle heitande Skotte-hamaren; sume kallar
det Skotte-kleivi.

VI.

No skulde Per vera med og syna veg»
Dei knytte eit snøre i det lange haare hans og
taumkjøyrde honom fyre seg. Han bad so fint
um aa faa sjaa heim som aller snøggaste; og
daa han hadde bede um det mange gonger,,
fekk han lov. Men det fylgde med honom
vakt. Daa stillte han seg til og skreiv nokre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free