- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
32

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 32 — ’

den feitaste,« segjer han, og vil draga paa kleven
med honom. Fantarne spring upp og riv honom
aat seg att. Men dei tok til dørs so fort dei
vann; dei trudde kleven var full med folk.

— Ja, heile denne flokken fer utyver etter
bygdi. Dei kjem aat ein bakke ei halv mil uti,
og her stansar dei og vil samraada seg. Daa
segjer Skjeldkvaals-kararne: »For satan, kva
skal me der uti og slaast etter! Kan ikkje dei
der uti hytta seg sjølve! Vend um og ver med
heimatt, godtfolk, — skottarne kjem so ikkje
aat Lom likevel.«

Og heile flokken vende.

Men bakken vart heitande Raadsbakken, og
heiter so den dag i dag.

XII.

No tek me attpaa att med skottom.

Skottarne for ifraa Kraakvollen og utetter
Dovre. Men daa dei kom ned i Rosti og skulde
yver brui, so var ho burte. No maatte dei til
fjels att, og krabba upp yver ei bratt li og hefte
-seg burt lengje; sidan for dei ned att gjenom
Horgje-lii, og kom ned til Sell um kvelden.

Men bønderne hadde fare um morgonen.

Folke paa Nord-Sell hadde bunde uksar og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free