Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 33 — ’
naut fast attaat skigardom; for dei tenkte at daa
skulde ikkje skottarne brenna og røva. Sinklar
ser utyver Sells-vollarne og segjer: »Her emnar
det paa til velstand; men ute paa Heidemarki
skal det verta endaa gildare.«
Skottarne laag paa Nord-Sell um natti; dei
tok att gardarne etter bøndom. Sinklar sjølv
laag paa Raamundgard.
Det er tidleg um morgonen, og verlauparen
er ute og renner seg i gardom. Paa Øydgarden
er ein gamal tenestekar heime; han er att og
skal gjæta huse. Han ser verlauparen kjem.
Han tek staal-bogen sin og legg seg inn i ein
hampe-aaker. Han hadde fenge ein gutunge til
aa stiga upp paa stove-take og gjera teikn aat
seg; men guten smatt attum pipa. No kjem
verlauparen. Han hadde vore inne i ei bud og
drukke seg mett med sur mjølk, og daa han
kjem aat hampe-aakren, so misser han teven.
Og her vart han skoten, so surmjølki sprutte
utor honom. Det er sagt at han spratt ende
upp jamhøgt med seg sjølv, daa han fekk pili
i live.
Denne morgonen stod Sinklar paa
Raamundgard og brende krut i neven sin. Røyken slo
aat bringa. Daa sa han: »I dag lid eg skade
paa folk; men stor elder liten det veit ingen.«
So for dei utetter. Dette var onsdags
morgonen den 26de august. Aatte dagar fyrr
kom dei i land. Dei hadde med seg blaasarar
3 — Sinklar-Soga.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>