Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 34 — ’
og spelemenner og ei stor trumma, og utyver
etter Sells-vollom gjekk det i takt og tone. Naar
dei høyrde graat og barneskrik uppi fjellom, so
sa dei: »Høyr trollkattarne, dei pip og skrik;
men naar me kjem att, skal me gjesta dei!«
Sinklar sjølv reid, og frua hans og fleire som
hadde funne seg hestar.
Paa Sells-vollom veks det ei rot, som heiter
sellsnæpa; ho er forgiftig. Naar ein sau fær i
seg av henne, so trutnar han upp og sturtar
straks. Folke paa Sell segjer, at skotterne saadde
denne næpa etter seg, daa dei for.
XIII.
No lyt me etter bøndom som hadde fare
utyver aat Kringum.
Kringum ligg halv-onnor mil sunnan
Raa-mundgard. Her skyt det seg fram ein bratt,
diger bergkrugg; det er den eine fjellsida som
sig ut i dalen og velter seg kav aat elvi. No
ruvar det ikkje so sværande; for det gjekk ei
jordskrida i 1789, som sopa med seg skogen
og gjorde det flatare; og no gjeng nyvegen
nedunder etter elvi. Men i den tid hekk vegen
uppi bergom og svinga seg umkring kruggen.
Elvi heiter Logen, og her er ho stor og strid;;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>