- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
36

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gjeng jamsides med Sell og Vaagaa, og ein
fjellrygg tmillom. Kjell gjorde seg ferdig med dei
hine og vilde aat Kringum. Han hadde
festarmøy; det var gardgjenta paa Kruke, ho heitte
Gudrid. Og ho tek ikring og nidbed honom um
aa vera heime. »Det berst fyre meg, at det vil
ganga deg gale,« segjer ho. Han gav seg yver.
Men so fær ho høyra um frua aat Sinklar og
um det vesle barne som er med. Daa gløymer
ho reint seg sjølv. Og no vert ho so viljug til
aa sleppa honom ifraa seg, at ho bed honom
likso mykje um aa vera med som ho fyrr bad
honom aa vera att. »Inkje fær du meg, Kjell,
fyrr du reddar det barne,« sa ho. Daa stod
han upp og gjekk. Men ho var etter og bad
honom, at han ikkje maatte vaaga seg inn i
slage, og berre hava hugsott paa barne. Soleis
var han komen der.

Morgonen er blank med solskin. Bønderne
pustar ut att og umraader seg ein liten grand;
so fer dei uppum vegen, høgt uppi, og tek til
aa hogga timber. Sume høgg, og sume dreg
ihop. Dei dreg det ut paa brattaste bakken og
legg det i digre lunnar, mange lunnar paa breidd;
dei kjem rullande med svære steinar og legg
uppaa timbre so tjukt som det eig rom. Dei
gjer ei brei og diger velta. Men under
timber-lunnom laag det sleipe stokkar, som var
ihop-bundne og hekk ut yver fjelle mest som mange
ormar. Paa desse sleipom ligg heila velta; ho

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free