- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
37

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 37 — ’

ligg so laust at det er berre nokre reip og
stolpar som held henne. Naar ein hogg av
reipi og slo undan stolparne, so rulla det utyver
alt ihop — og aat elvi. Dei tek bar og
lauv-buskor og legg attpaa og gjøymer burt alt saman;
det ser ut som smaaskog heile bakken uppyver.
Eit par mann stend att til aa løysa velta. Og
ein stor flokk gjeng uppum timbre og vil vera
etter med øksom paa hoggande flekk.

Ein flokk gjeng nordum og lagar seg til
med store tre, som dei vil velta ut i vegen, so
at skottarne skal ikkje kunna snu, naar dei kjem
inn i klemma. Ein annan flokk gjeng sudyver
i same erend.

Det var med ein bonde utor Ringbu, som
heitte Berdon Segelstad; han var den beste
skyttaren. Han og tvo andre skulde faa skjota
Sinklar. Daa segjer Berdon: »Eg vil vera den
fyrste som løyser skot i denne leiken,« og det
laut alle ganga under paa. Han hev høyrt at
Sinklar kan fri seg for skot. Daa tek han
sylv-halsknappen sin og tygg honom ihop og kjøyrer
honom inn i byrsa. So gjeng han attum nokre
graner og murar seg upp som ein bringe av stein,
og der stend han. — Gamle folk syner fram av
dei same steinom endaa.

Det finst att ei gomol visa, no er ho i
stubbar, men ho er dikta av ein gudbrandsdøl
straks etter slage i Kringum. Ho segjer:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free