- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
40

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gausdal og Øyer, og laag reide. Hovdingen her
heitte Lars Gram. Det var futen yver
Gudbrandsdalen, han budde paa Steig paa Fron. Men det
vart ikkje bruk for dei.

XIV.

So vart det dag andre dagen. Det er 26de
august, klaart ver. Men skottarne kjem ikkje.
Daa rid det ivegen ein av bøndom og skal stira
etter dei. Han heitte Audon Skjenna og aatte
heime ei halv mil nordpaa. Han kjem nord aat
garden sin, og her fær han sjaa Sinklar, som
mynstrar heren sin straks utpaa vollom. Han
held seg still og ser paa, til dei er ferdige. Daa
kjem skottarne; dei kjem fort; straks etterpaa
fer dei yver ei bru — og fær sjaa honom. Daa
spreng-rid han attende. Men dei var so tett
innpaa honom, at han høyrde dei ropa: »Sjaa
buren renn undan paa ein pert!« (»Bur» var
bonde og »pert« same som hest.)

No kjem ein flokk af skottom; det er
innpaa 100 mann. Dei hadde brote lag med heren
og for eit godt stykkje fyre. Dei driv med honom
Per Klognes og driv radt. Ho Gudrid ser dei,
men tegjer still; desse ute paa øyi held seg
rolege; han paa hesten røyver seg ikkje. Dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free