- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
39

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 39 — ’

stytta, etter som heren for fram og kom nærmare
og nærmare. Alt dette kunde bønderne sjaa og
høyra.

Det ligg ei øy beint ute i elvi, ho gjeng
nordyver fraa Kringum eit godt stykkje; ho heiter
Storøyi. Der utpaa fekk dei ein mann til aa
rida paa ein kvit hest. So er sagt, at han sat
att aa bak og hadde hengt eit raudt digert
turkisede yver manken paa hesten; han vilde faa
skottarne til aa glaama etter seg. Han reiste
nørdst nord paa øyi; der vilde han venta, til dei
kom nordantil; naar dei kom, skulde han rida
fram og halda seg jamt med skottom all vegen
attende. Men naar dei var komne aat den
og den staden, skulde han tversvinga; og det
var merkje for bøndom til aa løysa velta. —
Det hadde møtt fram gamle folk, som ikkje
dugde vidare til aa slaast, og sume var for unge
og sume rædde. Daa segjer han Arne fraa
Gunnstad, at desse skal taka med seg alle
fille-gjeværi og ut paa Storøyi og skjota med laust
krut. Men dei skulde standa so langt undan,
at skottarne ikkje rakk med kulom sine. Og
etter di vart gjort. — Alt dette gjorde dei og
var ferdige.

Fem mil utanfor Kringum ligg
Bægils-kleivi, som Sinklar var rædd og heldt bedardag
for. Her uti hadde dei lagt seg bønderne ifraa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free