- Project Runeberg -  Sinklar-Soga /
51

(1899) [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 5i —

for lengje elder tufsar seg burt paa andre maatar:
»han gjerer Jørund-maaltid,« segjer dei. Men
det er ikkje mykje i bruk.

Fraa vaagværom er aa fortelja, at daa dei
kom uppaa Vaagaa eit stykkje, so møter dei ein
flokk med lomværer, som kjem og spyr etter
skottom og vil slaast. Men Vaagaa-bønderne
svara med stor spott: »Kjem raatjøra fraa Lom
sigande? Ho kan faa renna heimatt no, naar ho
ikkje kom fyrr.« Dette tolde ikkje lomværen,
og greip vaabni og gjekk paa; vaagværen gjorde
like eins. Men so er det nokre paa baae sidor
som hev større vit, og gjeng imillom og fær dei
skilde aat, so dei kom ikkje til nokon skade.

Det var ein dovring heitte Per Kjilli; han
hadde vore med. So kjem han heim og fortel
han hadde ikkje løyst skot imot skottom; og det
vil han takka Gud for, segjer han. Daa er det
grannen hans — han hadde og vore med, og
han hadde ikkje sett fraa seg gjevære sitt endaa
— han vert so kokande harm at han spenner
upp straks og vil skjota honom. Og han hadde
gjort det med, men daa sprang ein fram og skuva
gjevære til sides, so kula tok ein annan veg.

Per Klognes tok paa heimleii; han tykte
det var eit under at han livde. Daa han kom
ned paa Romsdals-nese, var han innum
Næver-haugen og fann att pungen sin. Han kom vel
og lukkeleg heim.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:40:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/snklar/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free