Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - N:r 5, 30 april 1930 - Kaare Fostervoll: Landsmålet i Norge og arbeidarane
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
300 Kaare Fostervoll
arbeidet i Norge. Og denne folkehøgskulen er kornen til oss fra
Danmark, der han arbeider etter just den same lina. Det er då ogso
det beste samarbeid millom den danske og den norske
folkehøg-skulen, og dei fleste av dei norske høgskulefolka har hovt danske
lære-mestrar. Ein kan beint fram segja at danskane har lært
nordmen-nene å föra nasjonal kulturstrid.
Etter det som er sagt om den historiske bakgrunnen for denne
striden, skynar ein korleis den politiske og sociale grupperinga måtte
falla i den. På den eine sida kom til å stå bøndene og deira allierte,
politisk samla i venstrepartiet, på den andre sida embetsmenn og
handelsaristokratiet, politisk samla i høgrepartiet. Denne fronten
tok alt fra förste stund karakteren av klassedeling, og striden vart
tidleg karakterisert som ei reising av demokratiet mot överklassen.
Ein av dei förste som såg at ogso arbeidarane måtte vera med i
denne resinga, studenten Ol^ViS-Fjørtoft, skreiv soleis i 1871:
"Me vil at bonde og borgar og arbeidsmann fyrst og fremst
skäl vera menneske, og at det ikkje skal vera storkarane berre som
skal stelle med stats skuta. Kvar mann skal arbeide i sitt, men han
skäl og lyfte auga op över arbeidet og handverket og ølcsa og
hamaren og boka, og vera med i det som skapar eit folks historie og
liv, staten og skulen og kyrkja."
iSoleis får vi i Norge alt for ein 50—60 år sidan dei frontane i
den kulturelle striden som vi xnøter den dag i dag med små
end-ringar: eit sterkt nas jonalt demokrati med bøndene til k Jerne, og
imot dette dei konservative med tyngdepunktet i byane.
Kva plass tar so landsmålet i denne striden? Det har etter kvart
vorte sjølve brennpunktet, det som alle må ta ståndpunkt til, det
som fører med seg störste omskifte både for det einskilde mennesket
og for dei ulike institusjonane innanför samfundsliv og åndsliv.
Difor er det ofte at ein ser "målstrevet" isolert, utan samanheng
med den kulturelie, politiske og sosiale utvikling elles i landet. Men
denne samanhengen er j.ust det essentielle her, både når ein tenkjer
på landsmålet som idé, og når ein tenkjer på kampen for denne
ideen.
Landsmålet er det norske folkemålet normalisert til sams skriftleg
form. Riksmålet er i sitt ophav dansk, vitskapleg set no
"norsk-dansk", d. v. s. dansk slik det er skreve og tala i Norge. Då
sansen for dei nas jonale kulturverdiar vakna for ålvor i midten av
fyrre hundradåret, vakna ogso interessa for det norske talemålet i
bygd og by. Autodidakten Ivar Asen, ein bondegut fra Sunnmøre,
synte ved grammatikk og ordsamlingar fra heile landet, at dette
talemålet hadde ein klår og fast samanheng med gamalnorsk, med
Edda-kvada og Snorre Sturlason sitt mål, slik det var å finna i dei gamle
bokverk. Dermed var den nas jonale ringen slutta, det nye Norge
hadde funne sitt sermerkte språk. Ikkje i same grammatikalske og
syntaktiske form sora i dei gamle handskrif t ene, men utvikla og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>