Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - N:r 5, 30 april 1930 - Kaare Fostervoll: Landsmålet i Norge og arbeidarane
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Landsmålet i Norge og arbeidarane 301
tilslipt g jenom munnleg bruk i dei månge hundrad år, då det ikkje
var bruka til skriftmål. Det mynorske målet var det som var
kon-statert. Og so tok djerve menn op kampen for å få det autorisert
og bruka som landsens einaste språk.
Ivar Åsen, som med offentleg stenad hadde samla og granska
tilfang från dei fleste bygdemål i landet, strypte dei ymse dialektane
i hop til ei sams skriftform, der alle norske målmerke var å finna.
Dei viktugaste, dei som sterkast skil norsk ut ifrå svensk og dansk,
er fylgjande:
Omskriving av genitiv; Folkevenen, venen åt (til) folket, folket
sin ven (folkets ven).
3 kjøn: ein mann, ei kvinne, eit barn — en man, en kvinna, ett barn.
Diftongar: øy, auga, røyk, bein, haust. (Sv. ö, öga, rök, ben,
höst.)
u for o i månge ord: ku, bru, tru. (Sv. ko, bro, tro.)
Verb på a i imperfektum og partisipp: eg kastar, kasta har kasta.
/ ordtil†anget vart alle tyske endingar utskifte med norske: frihed
— iridom, størrelse — storleik, vildhed — villskap. Lånord vart
bytt med heimelege: betingelse — vilkår, bevis — prov, forsigtighed
— varsemd, prægtig — gild, förening — lag, förbund
(organisation) — samskipnad. Internasjonale ord som telegraf, telefon o. 1.
vart ståande.
Det var i året 1853 at Ivar Åsen la fram eit systematisk
gjenom-arbeidt skriftmål, bygt på dei norske målföre. "Landsmål" kalla
han det, avdi det bygde serleg på dei målføre som levde på landet.
Den vanlige nemninga for det norsk-danske skriftmålet er
Riksmålet, eit namn som Björnstjerne Björnson sette på det, og som
vart godteke av den förste Riksmåls förening, skipa 1899. Men dei
offisielle nämna, nytta i lover o. 1. er "Nynorsk" for landsmålet
og "Bokmål" for riksmålet. Filologar nyttar "Norsk-dansk" for
dette siste. Det har stått mång ein strid ogso om nämna på dei
to mål. For månge av oss tykkjest det liggja svært liten realitet
i denne striden om kva barna skal heita. Det vi har å halda oss
til, er at nämna Landsmål og Riksmål er inngrodde og velkjende
namn, og so får tida syna kva det er for eit av dei som skal ha
eineretten til namnet norsk, utan forstavning av noko slag.
Den skriftform som Ivar Åsen sette op i 1850-åra, vart med det
same nytta i diktning og annan författarskap av han sjølv og av
journalisten og diktaren Åsmund Vinje, og etter dei har fylgt ei
rad med forfattarar, soleis at landsmålet har ein rik litteratur.
Ein skäl her nemna som dei største Arne Garborg og Olav Duun
ved sidan av lyrikaren Olav Aukrust, Tore Ørjasiæter, Sven Moren,
Jens Tvedt, Kristofer Uppdal, Oskar Bråten, Henrik Rytt er, Tarjei
Vesås o. m. a. Og nye kjem til kvart år. Ikkje minst blømer den
dramatiske bokheimen, takk vere serleg "Målteatret" i Oslo, Det
Norske Teatret, som no har levt i 18 år, og som har vunne seg
eit sikkert og godt rom ikkje berre i hovudstaden, men över heile
landet, der det kvart år har reist på turnear og vunne seg vener.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>