Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— II —
godt, vera andre til hjelp, all stad der di hjelp
vert paakravd.
«For kvart menneskje som lever utan arbeid,
er der eit anna mennekje som svelt i hel», seier
eit gamalt kinesisk ord; og Tolstoi forstod no dette
ordet. Kva eit menneskje elles vilde vera elder
gjera i verdi, so var det hans fyrste og strengaste
skyldnad aa «vera med i den aalmenne strid med
naturen til aa halda uppe livet baade for seg og
andre;» for livet sjølv er det fyrste; fyrr ein kan
tenkja paa noko anna, maa ein fyrst ha sikra det.
«Aa halda seg burte fraa denne striden, elder eta
det andre avlar, det er aa øyda andre sitt liv.» «Aa
vilja tena elder hjelpa sine medmenneskje
samstundes med at ein tek fraa dei livraadi, tvingar dei
til aa arbeida og sakna meir en dei skulde, at ein
sjølv kan leva i mak, er vanvit; det er
meiningslaust aa tala um aa vera til gagn for folket, naar
det livet ein fører tydeleg er til skade for det.»
Og Tolstoi, den rike greven og store diktaren,
gav seg til aa arbeida paa jordi si som ein annan
bonde. *)
Folk bisna paa dette; heile verdi bisna.
Tolstoi sjølv tykte i fyrstningi det var rart. Men
han kom snart etter, at han hadde fare rett; og
enno den dag i dag gjeng han bondeklædd og
køyrer plogen, slær, høyar, og gjer alt som høyrer
tii paa ein gard, og skriv i millomstunder bøker,
som all verdi les og undrast paa — og maa
tenkja yver. **)
*) At han ikkje hev skift ut herregodset sit til andre som
kunde trenga jord, kjem av at kona og dei fleste va
baani hans er imot hans nye livssyn. Og han vil vei
ingen tvinga.
**) Fleire av desse skrifterne er umsette paa dansk, som:
«Mørkets magt» (spelstykke), «For dødens domstol», «Gud-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>