Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Inngang av Arne Garborg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— II —
Og verdi kan gjerne undrast. Dei tankarne
Tolstoi forkynner er noko so fortumlande nytt og
urimelegt for folk, at dei ikkje veit kva dei skal
tru, men helst meiner, at Tolstoi maa vera ør
i hovue. Dette er daa og det lettvintaste, naar
ein stend framfor ei aandsmagt som hans. Han er
ikkje so grei aa motsanna. Det er ikkje aaleine
det, at auga hans er so klaart og djupt, so at
han med ein gong ser tvers igjenom alle
tale-maatar og hildringar og beint inn til roti av
spursmaali; helder ikkje er det berre dette
merkje-lege tankemod, som aldri vik unda um so for den
sværaste rettfylg, men alltid gjeng beint paa, kor
tungt og urimelegt det kan sjaa ut for «kjøt
og blod»; det verste er, at han med ein
viljestyrke me aldri i desse tider hev set maken til,
gjer tankarne til aalvor i sitt eige liv, og dermed
gjev eit prov som ingen bokvisdom so lett kan
rikka. Me skal sjaa litegrand paa dette livsprov,
og eg held meg her som fyrr, til det han sjølv
hev fortalt*).
sønnen», fleire av «Legenderne», «Hvori bestaar lykke?»,
«Hvad skulle vi da gjøre?» og andre avhandlingar. —
Andre kjende bøker av Tolstoi er: «Kreutzersonaten»
(forteljing um egteskapet) og «Upplysningsfrukter» (spottespel
yver livet millom dei «upplyste»).
Tolstoi tek ikkje pengar for bøkerne sine lenger. Ein
skal ikkje ta betaling for aa seia det som ligg ein paa
hjarta, meiner han.
*) Det som heretter kjem er teke fraa ei av dei djervaste
utgreiingarne hans: «Kunstens og videnskabens betydning»,
der han avdømer heile den «moderne kulturen» likso strengt
som hans store motsetning Nietzsche (sjaa «Syn og segn»
for 1895, nr. 5 og 7), — um og paa andre grunnar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>