Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Dei tri gamle mennerne
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 5o —
bastmatta um hofti, so den mindre i den loslitne
kjolen, og endeleg den mindste og eldste i den
gamle kufta. Der stod dei alle tri, og heldt
kvarandre i henderne.
Dei naadde strandi, og ein av matrosarne
hjelpte bispen paa land.
Gamlingarne bøygde seg djupt for han. Han
signa dei og bøygde seg enno djupare, og tok so
til ords:
«Eg hev frett kor de Gudsmenn held dykk
her og søkjer frelse for sjæli og bed til Gud for
dykkar medmenneskje. Daa Herren i si miskunn
hev utset meg til aa gjæta lyden sin, so fekk eg
hug til aa lydast um dykk med, og læra dykk aa
dyrkja Gud, so vidt det stend i mi magt.»
Ingen av dei gamle sa noko, men stod berre
og smilte, og saag paa kvarandre.
—«Seg meg no korleis de søkjer frelse for sjæli
dykkar og korleis de ber dykk aat med aa tena
Gud?» spurde bispen.
Den næsteldste sukka og saag paa den eldste,
medan den største av dei berre hyrpte paa
augne-bryni. Den eldste av dei smilte og sagde: «Du
Guds mann, me kan ikkje noko med aa tena Gud;
me føder oss sjølve og liver berre fot* oss sjølve.»
«Men korleis bed de daa til Gud?» spurde
bispen.
Den eldste av dei svara: «Me bed soleis:
De heilage tri sjaa i naade til oss syndarar tri».
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>