- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
51

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Dei tri gamle mennerne

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 5i —

Og just som han hadde sagt dette vende han
og dei tvo andre augo mot himmelen og sagde
med ei røyst: «Dei heilage tri sjaa i naade til oss
syndarar tri.»

«Eg ser nok» sa bispen med ein smil, «at
de hev høyrt noko um den heilage trifald; men det
er ikkje soleis de skal beda. Eg hev fenge
godhug for dykk. Eg ser at de gjerne vil gjera Gud
til viljes; men de veit ikkje korleis de skal tena
han. Det er ikkje paa den maaten de skal
beda.-Høyr no etter, so skal eg læra dykk. Eg hev det
ikkje fraa meg sjølv; men det er etter Guds
heilage ord eg vil læra dykk, korleis han hev bede
menneskjens baan at dei skal beda til han.

Og bispen tok no til aa fortelja dei gamle
um kor Gud hadde openberra seg for menneskja,
fortalde dei um faderen, sonen og den heilage
ande og sa:

— Guds son er komen til verdi for aa frelsa
menneskja og læra dei kor dei skal be. Høyr no
etter og tak uppatt det eg seier:

«Fader vaar,» tok bispen til. «Fader vaar,>
tok den eldste uppatt, «fader vaar,» sa den næste,
«fader vaar,» sa den tridje. — «Du som er i
himmelen.» Dei tri gamlingarne tok det uppatt,
»du som er i himmelen.» Men den næsteldste
forsnakka seg; den høge kunne kje faa ordi rett
fram, daa skjegget var vakse han inn i munen;
og den eldste som var tannlaus kunne med naudi
lespa ordi fram.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free