- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
65

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Sjaunde koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

- 65 -

Anisja. Det er det ivegen, at dei berre vil
sjaa aa verta av med meg. Men gjeng du ut paa
det, so er nok ikkje eg helder ibeit. Der hev du
heile grunnen.

Nikita. Anisja! Men kva er no det for noko!
Trur du eg vil gløyma deg? Aldri i livet! Nei,
det kan der ikkje vera tale um. Ser du, eg hev
rekna det so ut, at um gamlingen tvingar meg
til aa gifta meg, so hev du meg snart her attende
korso. Nei, berre han ikkje tek meg fraa garden. . .

Anisja. Kva skal eg med deg, naar du fyrst
er gift?

Nikita. Kva skal ein gjera; ein kan daa
ikkje gaa imot far sin.

Anisja. Far sin! Plent som var det far din
og ikkje deg, det kjem ved. Det er nok longe
avtalt millom deg og gjenta di, ho der Marinka
fraa jarnvegen. Det er ho som hev sett deg flugor
i hovudet. Det var ikkje for ingen ting ho kom
rennande her ein dagen.

Nikita. Marinka?! Kva bryr eg meg um
henne! Det er somen nok av det slaget som
renner etter meg.

Anisja. Men kva vil daa gubben her? Det
er du som hev sendt bod etter han, din skjelm!
(græt).

Nikita. Anisja! Er du reint hugsnudd at du
kan koma med slikt! Eg hev ikkje drøymt um
det. Det er noko gamlingen hev teke av sitt eige
hovud.

Leo Tolstoi.

5

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free