- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
66

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fyrste vending - Sjaunde koma

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 66 —

Anisja. Eg veit daa, at naar du ikkje sjølv
vil, kan ein ikkje draga deg til brudestolen med
magt.

Nikita. Kor eg so vender og snur det, maa
eg nok lyda gamlingen. Men det er synd aa seia
at eg hev lyst.

Anisja. So slaa deg vrang, og seg at du
ikkje vil.

Nikita. Nyleg var der ein som helder ikkje
vilde, og slog seg vrang; men i overretten gjorde
dei seg ikkje meir fyre — dei gav fyren ei lusing.
Det kan eg ikkje seia eg er noko huga paa. Det
skal riva stygt i kroppen, seier dei.

Anisja. Er det no tid til aa fjasa! Eg vil
seia deg noko, Nikita. Gjeng du av og tek
Marinka til kone, so veit eg ikkje kva eg kjem
til aa gjera med meg. Eg tek livet av meg. Eg
hev synda storleg, og brote den lovnaden som eg
gav for altaren; men det læt seg ikkje umatt-gjera.
Men det seier eg deg, at tek du no ifraa garden,
so . . .

Nikita. Kvi skulde eg vei det? Tenkte eg
paa slikt noko, kunne eg gjenge for lenge sidan.
Det er ikkje lenge sidan Ivan Semjonitsch spurde
um eg vilde vera kusk hjaa han; og er det nokon
stad ein hev det godt, so er det der; men eg gjekk
ikkje! Eg tenkjer som so at eg kan faa det godt
kvar det skal vera. Heldt du ikkje av meg, so
var det ei onnor sak.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free