Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fjorde vending
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 155 —
Nikita (kvier seg for aa ta det). Legg det ned sjølv.
Anisja. Dér! (slengjer haanet til han).
Nikita (triv det). Det liver! Du gode Gud, det
rører seg .... kva skal eg gjera med det? Det
er daa liv i det!
AniSja (riv det fraa han og kastar det ned i kjellaren).
Kverk halsen paa det so er det slutt med det
livet! (Støyter Nikita nedgjenom troppi). Det ei" du SOm
hev vore meister for det; gjer no ende paa
det og!
Matrøna (hev seg derifraa og set seg ved stovetroppi).
Han er so mjuk av seg. Og det er hardt nok
for han, arme tinget. Men kva raad er det? Han
hev sjølv skuldi. — Kross i Jøsses, kor rædd han
vart! Ja, ja; men um det kan vera hardt, so er
det ikkje onnor raad fyre. Kva skal ein gjera?
–Naar ein tenkjer paa kor tidt folk er paa
livet etter aa faa baan; men Vaarherre gjev inkje,
elder dei kjem dødfødde til verdi. Som no
prestekona......Men her som dei ikkje hev
bruk for det, er det livande, (lyer). No hev han
nok gjort ende paa det. (gjeng burt til Anisja som stend
held auga med Nikita i kjellaren). No, kva vert det SO
utav det?
Anisja. Han la eit brett over det og sette
seg paa det. Det er nok slutt no.
Matrøna (sukkar). Aa Herre Jesus ! Kor traude
ein vil taka den syndi paa seg, so er det daa
ikkje anna fyre.
Nikita (kjem upp av kjellaren, skjelv over all sin kropp).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>