Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Fjorde vending
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 154 —
Anisja. Men gjæt du paa han; elles kunne
han smjuga undan. Det kunne vera den skarven
likt! Eg gjeng no inn etter det.
Matrøna. Gløym berre ikkje aa faa det
døypt. Det kunne no elles eg gjera. Du hev
vei ein kross?
Anisja. Det finn eg nok. Eg veit um det.
(gjeng).
Matrøna. Det var daa svært kor ho reiste
bust, kona. Men det maa ein tilstaa, det kan
vera krenkjande nok for henne. No, med Guds
hjelp kan me vei faa løyna det me no hev fyre,
og sidan skal ingen satan koma etter det. So vert
me daa sagte av med tausi, og veslesonen kan
faa liva i fred og ro. Det er daa fullt upp av
alle ting i huset, Gudskje lov! Og so vil han
nok helder ikkje gløyma meg. Kor skulde det
vei ha gjenge um de ikkje hadde Matrøna? De
hadde kje visst korkje att elder fram. — No,
vesle far, er du no snart ferdig?
Nikita (stikk hovudet upp av kjellaren). Kva vert
det til? Kom so med det! Kva er det de druntar
med. Skal det gjerast, so lat det gaa i ei fart.
Anisja (kjem med baanet tulla inn i eit plagg).
Heter det!
Matrøna (gjeng henne i møte). Hev du no
døypt det?
Anisja. Ja ja. Eg hadde nær aldri fenge
det fraa henne; ho vilde slett ikkje sleppa det
(gjeng burt til Nikita og flir han det).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>