- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
181

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Femte vending

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 181 —

Nikita. Hev du gløymt kva som ligg i
kjellaren?

Matrona (lær). Kva som ligg i kjellaren? Kaal
og poteter, tenkjer eg. Skal du no til att og
rota upp i dei gamle greierne?

Nikita. Eg var glad um eg kunne lata vera;
men det kan eg ikkje. Berre eg tenkjer paa det,
so høyrer eg so livande kor . . . Aa, kva er det
daa de hev fenge meg til?!

Matrøna. Kva skal det vera til aa gjera so
mange umsvøyp! Kom ihug . . .

Nikita (kastar seg aagruve). Aa, pin meg ikkje,
mor! Det er reint ute med meg.

Matrøna. Du maa daa til korso. Du veit
kva gysjor det g’jeng millom folk, og her renner
faderen paa dør, vil ikkje koma inn og er rædd
for aa giva brudfolket signing . . . Som ventande
er veit folk aa faa det til. Berre du er fraa deg,
so finn dei nok ut kva som er i vegen. Gakk
stiv og kaut, so tek ingen deg for tjuv. Men tek
du lauparsko for ein varg, kan du lett renna paa
ein bjønn. Lat deg fram for alt ikkje merka med
noko, og hald modet uppe; elles kjem dei nok
paa faret, skal du sjaa.

Nikita. Jau, det er ei rar greie de der hev
vasa meg uppi! Aa du gode Gud!

Matrøna. Hald no upp med det og lat oss
koma avstad. Gakk inn og gjev di signing som
skikk og bruk er, so vert det ein ende paa det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0187.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free