Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Femte vending
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Nikita. Nei, eg kan ikkje!
Matrøna (avsides). Kor kom no dette paa? alt
gjekk som det skulde; der var ingen ting ivegen,
og med ein gong . . . Det er som det var
forheksa. (høgt). Nikita! Ståt upp no. Sjaa der
kjem Anisja; ho hev og gjenge fraa gjesterne.
Anisja (full). Naa, vesle mor, det kan nok
vera det er fagert, rett fagert. Me hev ære av
dette; og folk er rett tilfreds! . . . Men kvar er
han daa!
Matrøna. Her, haane mitt, her! Han hev
lagt seg her i halmen, og ein fær han ikkje av
flekken. Han vil ikkje.
Nikita (lettar paa hovudet og ser paa kona si. Avsides).
Naa, ho er daa full til gagns. Det kraumar i
meg, berre eg ser henne. Kor skulde eg no kunne
liva saman med henne? (legg seg ned att). Eg kjem
til aa slaa henne ihel, og so vert det endaa verre.
Anisja. Der skal ein sjaa han hev krope
nedi halmen! Du hev nok fenge deg ein god
støyt. (lær). Eg kunne nok havt lyst til aa liggja
litt med deg, um eg hadde tid til det. — Kom
no upp, so skal eg nok hjelpa deg inn. Kor
rart det er der inne! Det er ei heil moro aa
sjaa paa. Kvinfolka spelar munnspel, — jau, det
kan nok henda det! Dei er fulle allesaman . . .
Det kan ikkje finare vera . . . rett storfint!
Nikita. Kva er so fagert?
Anisja. Bryllaupet, eit lystigt bryllaup! Dei
seier allesaman, at det er rett sjeldan aa sjaa eit
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>