- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
189

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Sceneskifte

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 189 —

sveik deg, forlét deg . . . Tilgiv meg i Jesu
namn! (bøygjer seg mot jordi for henne).

Anisja. Kva er no slikt for kjeringsnakk?
Det høyrer slett ikkje her heime. Kjem han no
der med noko som ingen spør etter! Statt no
upp! Kva er dette for skam!

Matrø7ia. Aa, det er einkvan som hev
forgjort han. Undrast paa kor no det er kome!
Han er daa reint forheksa. Reis deg no. Kva
skal det vera til aa røla so burt i veret! (dreg i han).

Nikita (rister paa hovudet). Rør meg ikkje! —
Tilgiv meg, Marina! Tilgiv mi synd imot deg, i
Jesu namn!

Marina (løyner andlitet i lovarne).

Anisja. Reis deg, seier eg, og lat oss faa ein
ende paa denne skammi. No skulde han til aa
ripla uppatt i desse gamle sogorne. — Du hev
olma deg nok no. Skjemmast maa du! — Aa,
mitt arme ting! Hev han daa vorte reit tullerusk?

Nikita (støyter Anisja fraa seg og vender seg til
Akulina). Det er no deg, Akulina, eg vil tala eit ord
med. Høyr paa kva eg seier, de gode kristne
menneskje! Eg er ein stor skarv. Akulina! Eg
hev synda hardt imot deg. Far din fekk ingen
naturleg ende; han vart forgifta.

Anisja (med eit skrik). Aa eg stakkars
menneskja! Kva tenkjer han paa?

Matrøna. Han er daa reint fraa sans og
samling. Sjaa til og faa han ut.

(Dei som stend rundt um vil leggja henderne paa han).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0195.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free