Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Myrkemagterne elder naar du gjev fanden ein finger, tek han heile handi : spel i 5 vendingar - Sceneskifte
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 190 -—
Akim (kjem ivegen for dei). Stopp! Stopp litt,
baan, stopp litt.
Nikita. Akulina! Det var eg som drap
far din. Tilgiv meg, i Jesu namn! (sig paa kne).
Akulina (spring upp). Det er berre sludder! Eg
veit nok leven som hev gjort det!
Fjøkla. Kva er paa tids med deg? Sit du
berre i ro.
Akim. Aa, Herre Jesus! For all den synd . .
Ge?idarmen (til dei som stend nærmast). Tak han!
Send bod etter eldstemannen og nokre vitne.
Det maa førast til protokols, (til Nikita). Reis deg
du, og kom hit litt.
Akim. Nei, høyr no ... . kva eg vil seia
.... Du der med dei blanke knapparne ....
Det hastar ikkje med det. Giv fyrst tid, og lat
oss høyra kva han vil seia.
Gendarmen. Sjaa du helder til du held deg
utanfor det heile! eg maa taka protokol i saki.
Akim. Aa, du med din protokol! Eg seier
deg, vent litt. Kva skal ein med protokolar. Det
er ei høgtidsam sak her er fyre.....Mannen
tilstend si synd, og so kjem du med protokolen . . .
Gendarmen. Kvar er eldstemannen?
Akim. Lat oss fyrst føra Guds sak til endes,
forstend du, so kan du sidan koma med det
andre, forstend du.
Nikita. Akulina! Eg hev endaa ei stor
synd paa meg imot deg. Eg hev forført deg.
Tilgiv meg, i Jesu namn. (feil paa kne).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>