- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
200

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 200 -—

Semjon gjekk no tett upp til han, og i det
same var det som den unge mannen raadde ved
seg. Han vende hovudet, opna augo, og saag
paa Semjon med slikt eit godt augnelag at Semjon
vart glad i han med ein gong. Han kasta
filt-skorne, løyste beltet og tok kaapa av seg.

— No kan det vera nok med det pratet, sa
han. Sjaa du kjem deg i klædi; men lat det
gaa litt snøgt.

Semjon tok framandmannen under armen og
hjelpte han upp. Den unge mannen reiste seg.
Semjon saag no at baade armar og føter var
heile paa han, og vart baade gild og sæl ved
den fagre lekamen og det eigna gode augnelaget.
Semjon breidde kaapa over herdarne hans ; men
framandkaren kunne kje faa henderne inn i
ærmarne. Semjon hjelpte han, drog kaapa um
han og snørde godt til med beltet. Han vilde og
ha teke av seg den gamle fillute huva si aat den
berrhovda guten, men det vart for kaldt um
hovudet, og so tenkte han som so: «Eg er so
snaud i skolten som eit egg; men han hev rett
ein god krulltopp. Han skal helder faa paa seg
filtskorne.

Han bad den unge mannen setja seg ned og
hjelpte han med aa faa paa seg filtskorne. Daa
det var gjort, sa han:

— So, kammerat! Sjaa no til du kan leda
paa deg og verta varm. Kva desse sogorne ved-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0206.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free