- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
201

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - II

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 20i —

kjem, so vert dei nok greidde utan oss. Du kan
vei gaa.

Den unge mannen stend og ser paa Semjon
so augnekvarmane vatsflyg, men kan ikkje seia
eit einaste ord.

— Kvi git du ikkje eit ord ? seier Semjon.
Me kan daa ikkje overvintra her, veit eg, me lyt
sjaa koma i hus. Der hev du staven min, stød
deg paa den um du er veik til fots. Sjaa no du
kan røra paa deg!

Hermed gjekk dei. Den unge mannen var
lett paa foten og fylgde godt med. Med’ dei
gjeng seier Semjon til han:

— Kvar er du ifraa?

— Eg er ikkje her or bygdi.

— Nei, det kan eg nok sjaa. Eg meiner,
kor kom du til aa liggja her ved kyrkja?

— Det hev eg ikkje lov til aa seia.

— Dei hev nok vore stygge med deg.

— Det er ingen som hev gjort meg noko.
Det er Vaarherre som hev tukta meg.

— Ja visst, alting kjem fraa Gud; men eit
menneskje maa daa ha ein stad aa ty til. Kvart
skal du av?

— Det er meg plent det same.

Semjon undra seg: slik ein vakker ung mann,
so mild i sin tale, og vilde kje seia kven han var.
Men so tenkte han: «Der er so mykje som ein
ikkje forstend», og sa:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0207.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free