- Project Runeberg -  Tolstoi-boki : ymse stykke /
203

(1897) [MARC] Author: Leo Tolstoy With: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - III

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 203 -—

tenkte ho, «og ikkje treng stort til kvelds, so
hev me braud nok til imorgo.»

Ho snudde og vende braudskalken i handi
og tenkte: «Nei, eg vil daa ikkje setja deigen i
kveld. Der er berre mjøl aat eit braud til. Paa
den maaten hjelper me oss til fredags.»

Dermed gjøymde ho braudet og sette seg
til aa sy ei bot paa skjorta aat mannen, med’
ho grona paa kor han no vei hadde bore seg aat
med aa kjøpa skinn til pelsen.

«Berre ikkje skinnhandlaren hev narra han.
Han er so lite fyre seg, aalmosen. Sjølv snyter
han ingen, men reine baanet kan narra han.
Aatte rublar er mange pengar. Ein kan kjøpa
godt skinn til den pris. Um dei ikkje er barka,
so kan ein daa altid faa seg ein pels av dei.
Naar eg rett tenkjer paa kor hardt det var for
oss fyre vinteren me ingen pels hadde. Ein
kunne korkje gaa etter vatn elder nokon stad.
No gjekk han og tok med seg alt det me hadde,
so sjølv hev eg ingen ting aa ta paa meg. Han
maa no elles snart vera her. Berre han ikkje
gjeng paa vertshuset, gamle kroken!»

I det same gniksa det i troppi, og det var
einkvan som tok i døri. Ho la saumen fraa seg
og gjekk ut i framstova. Der fekk ho sjaa
Sem-jon og ein framand bonde, som fylgde med han
berrhovda og med filtsko paa føterne.

Matrøna kjende svint at det lukta brennevin
av Semjon. «So hev han daa vore paaølstova!»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:41:37 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/tolstoi/0209.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free