Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Kva som held folk ilive - II - III
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
- 202 -
— Ja ja, so fylg meg daa. so du kan koma
litt til krefter.
Imedan so nærma dei seg huset der Semjon
budde. Framandkaren gav seg ikkje etter, men
gjekk stødt jamsides med han. Det tok til aa
blaasa. Semjon merka kor vinden aat seg
innunder skjorta; rusen heldt paa dovna av og han
tok til aa frosa. Han drog kufta tettare um seg
og tenkte: Jau det var ein rar pels eg fekk meg
denne gongen.
Istaden for pels som eg gjekk etter, kjem eg
heim utan kaape og hev attpaa med meg ein
landstrukar som ikkje eingong hev klæde paa
kroppen. Matrøna vil nok ikkje skreppa av den
handelen.» Berre han kom ihug Matrøna, vart
han i ulag. Men daa han snudde seg og saag
felagen sin og kom ihug det gode augnelaget,
vart han glad og lett um hjarta.
III.
Medan mannen var burte hadde Matrøna
gjort alt istand heime. Ho hadde baade hogge
ved og henta vatn, gjeve baani inat, ete sjølv,
og undradest no berre paa um ho skulde setja
deig til kvelden elder venta med det til um
morgonen. Det var enno ein stor skalk att.
«Hev Semjon ete til middags i landsbyen,»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>