- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
11

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

11
i Trondheim, der Norigs ungdomslag vart skipa. Eit framlegg um å gjera
meg til formann sa eg nei til — av grunnar som eg ikkje treng nemne
her. Eg gjorde framlegg um å velja hr. Slotsvik til formann. Og han
vart vald. Sjølv vart eg vald til skrivar. Um arbeidet mitt i denne tillits
posten har eg sjølv lite å segja.
Korkje i arbeidet mitt i «Fram» eller i Norigs ungdomslag har eg gjort
stort anna enn å vera med og organisera og skaffa fyredragshaldarar. Det
gav arbeid, men dette arbeidet interesserte meg og gav meg mykje glede.
Når eg tenkjer attende på denne tida, er det med den største høgvyrdnad for
alle dei, som trudde å skyna det vi vilde og som med viljug ånd gav oss
fyredrag eller gledde oss med sin kunst.
ANSTE/N MYHR.
MINNE FRA DEI FYRSTE UNGDOMSLAGA
Når eg tenker tilbake på arbeide i dei fyrste ung
domslaga, frå fyre den tida Norigs Ungdomslag vart
til, då stig det fram for minne mitt eit namn som
ungdomen no kanskje vil stusse på å sjå i sam
band med reisinga deiras, — det er Ludvig Meyer.
Men i røynda har han gjort eit viktigt grunnleg
gingsarbeid for den norske ungdomsrørsla.
Han var formann i Studentersamfunde våren
1892. Det var i den tida at demokratiske og na
sjonale tankar for alvor brøytte seg fram i si fulle
vidd, og Ludvig Meyer såg med uvanleg klårleik
kor mykje det galdt um å grunnfeste ein sann demo
kratisk tenkemåte hja ungdomen. Just i Studenter-
samfunde kom han ungdomen nær, og det tok han sterkt å kjenne for ei
evne til brennhug det levde hjå dei unge ættene. Denne evna vilde han
nytte ut, og so fekk han skipa «Demokratisk foredragsforening».
Det var ei foreining av folk som var viljuge til å halde foredrag, og eg
undras um det ikkje var ei halvhundra mann, unge folk dei aller fleste, som
skreiv seg inn i ho. Ludvig Meyer var sjølv formann; advokat Sigval
Jacobsen var sekretær, og elles hugsar eg folk som Fredrik Voss, Chr. L.
Lange, K. V. Hammer, G. Goderstad o. fl Det var upplysnings-foredrag
av ymse slag som lagsfolka baud seg til å halde i bygd og i by, helst daa
paa Austlande, og alt arbeide i denne foreininga vart gjort utan løn. Det
var det fyrste organiserte foredragsarbeide som vart sett i gang her i lande

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free