Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
12
(arbeidar-akademia var endå berre få og ikkje samskipa), og eg skjønner
ikkje koss dei nye ungdomslaga i dei åra skulde ha greidd å halde seg uppe,
hadde dei ikkje havt «Demokratisk foredragsforening» til hjelp og stønad.
Gjenom den tok akademisk ungdom eit godt tak for ei høgare folkeupplys
ning. Det var på ein ny måte noko av det same som folkehøgskulen hadde
sett i gang ei tjuge-tretti år fyrr, og «Demokratisk foredragsforening» var
ein god vegbrøytar for Norigs Ungdomslag.
Vi var vinstre-studentar mest alle i hop, vi som fylgde sosialisten Lud
vig Meyer i dette arbeide; framgangshugen vår kunde den gongen endå
finne rom innafor vinstre-politikken Og vinstrestudentane i 90-åra gjorde
eit tiltak til, som peikte fram til ei gjerning for Norigs Ungdomslag. Det
var i «Frisindede studenters forening» våren 1897 at tanken vart reist um å
gje ut billege små upplysningsskrifter, på same måten som studentane i Dan
mark og Sverike gjorde. Eg trur ikkje eg tek i mist når eg segjer, at det
var dansken professor Sophus Torup og advokat Fredrik Voss som serskilt
dreiv dette arbeide. Det kom ikkje mykje ut av det; det vart sendt ut i
1899 sju småskrifter i alt, og so var det slutt. Grunnen var visseleg den at
småskriftene måtte bli sende ut gjenom ein privat bokreidar, og han kunde
ikkje ha store interessa av dei; ein god samskipnad til å spreie skriftene
fans endå ikkje. Men minne frå dette fyrste tiltake levde endå då Student
mållage nokre år etterpå tok upp tanken, og då kunde Norigs Ungdomslag
stige inn og gje forretnings-grunnlage for arbeide.
Gjenom «Demokratisk foredragsforening» var det, at eg for min part
fyrst kom med i ungdomsarbeide, — eg heldt dei fyrste foredraga mine
vinteren 1893—94. Eg var so ung den gongen, berre so vidt tjuge år,
so mitt arbeid kunde ikkje ha stort verd for andre, men for meg sjølv var
det ei nyttig læretid i mange måtar. Eg hugsar eg reiste i fyrstninga med
eit foredrag um Henrik Wergeland; sidan tala eg um målsaka, um fridoms
striden paa Kreta, og visst um andre ting og.
Eg veit ikkje um dei lever endå, alle dei ungdomslaga eg kom til i dei
åra; sume veit eg i minsto er døde, og ein karm difor ikkje få noko fullt
bilete av ungdomsrørsla i lande, um ein berre har historia til dei laga som
endå er i live. Eg hugsar eg var i’ ungdomslag i Sandsvær, i Enebakk (hjå
Jonas Vellesen), i Grue på Solør og ymse stader paa Østfold. Eit par gon
ger var eg i eit lag i Røyken, som lærar Levestad dreiv — og dreiv godt.
Eit stort og blømande lag hadde dei i Drammen, — eg tykkjes minnes at
dei som stod fyre det var cand. theol, (no lektor) Jørgen E. Møller og ein
av Onsager-gutane. I Oslo minnes eg det sosialistiske ungdomslage «Fremad»,
som Magnus Nilssen styrte, og serskilt har eg mange minne frå «Ungdoms
laget Fram» i Oslo.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>