Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
13
«•Ungdomslaget Fram» bør ha eit serskilt lite rom i historia um den
norske ungdomsrørsla. Eg veit ikkje når det vart skipa; men eg vart lags
mann der i 1893, — det var det fyrste ungdomslage eg kom med i, — og
den som både då og lenge frametter var formann, var Anstein Myhr. Det
var aldri so grovt mange med i dette lage; men vi som kom der, vart ein
personleg vennering, og det er alltid med glede eg tenker tilbake på dei
dagane, — kor vi hygde oss i hop på møte og på nordmarksturar. Vi
hadde møta våre for det meste i ein liten sal i Arbeidarsamfunde, og det
var vi sjølve som heldt foredrag og ordskiftes. Eit stykke ut i 90-åra kom
Rasmus Løland med, og eg undras um ikkje det er den einaste staden han
har Thalde foredrag, — til vår store undring kom han ein gong med
eit foredrag ura astronomi, og ein annan gong fortalde han um Tysklands
ferda si. Han tala greitt båe gongene; men siste gongen var han meir
frigjort, — han hadde liksom fått åpna meir for seg sjølv medan han var
i utlånde.
Vi var vinstrefolk alle i Fram; lage var innmeldt i Kristiania Vinstre.
Og det hadde ei tid mykje av det same rome som sidan Bondeungdomslaga
fekk. Under det reine flagge sitt samla det all nasjonal og radikal ungdom
i Oslo 17de mai, og Fram tok eit kraftigt tak for den fyrste ungdomssam
skipnaden på Austlande, ja gjorde mykje til at han vart reist på rein nasjo
nal grunn.
Ein heil flokk av oss reiste upp til ungdomsstemna på Eidsvoll i 1894,
— den som Peter Slotsvik i Spydberg og ein annan lærar i Askjøm hadde
bede inn til. Det var den fyrste ungdomsstemna på Austlande, og då vi
med reint flagg i brodden toga upp frå Eidsvoll stasjon den halve mila
fram til riksbygninga, då hugsar eg koss gjestene på «bade» og andre folk
stod på vegkantane og glodde på oss mest som rare dyr. Det var liksom
so radikalt, dette med ei ungdomsstemne, so dei som stelte ho i stand,
hadde ikkje tort vende seg til andre enn vinstrefolk i Eidsvoll um husrom
for stemnelyden. Men det vil eg segje til ære for eidsvellingane, at høgre
folk i bygda kjente det reint som ei ærekrenking at ikkje dei og var spurde
og dei kom og bad um å få gjester heim. Eg budde sjølv i hop med ei
tri-fire andre Fram-folk hjå ein framskoten gamal høgremann, bonde og fa
nejunkar; han kom burt på møteplassen og henta oss, og han var mest
på gråten for di dei ikkje hadde trudd på gjestevenskapen hans.
Straks på denne fyrste stemna, der «Eidsiva ungdomslag» vart grunn
lagt, vart den nasjonale politikken teken med i arbeide. Eg heldt foredrag
um flaggsaka (sanninga tru må eg segje at eg hadde sjølv bode meg til),
og eg tala på landsmål, — det var fyrste gongen eg våga meg til med det
for ålmenta. Det var ikkje fritt at sume var redd den kløyvinga som ser
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>