- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
19

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

19
det rådde eit heller myrkt religiøst syn, og der mest all naturleg, livsfrisk
og skuldlaus moro vart bannlyst. Det var «å så i kjøtet».
På den andre sida hadde ein so ein svarttrampa danseplass. På den tid
hadde ein enno lov til å kjøpa brennevin i ankervis og byta. Denne retten
vart sers jamt nytta. Brennevinsbyting gjekk ofte fyre seg i nærleiken av
danseplassen. So karm ein skyna at det her ofte gjekk nok so vilt til.
Det var lett å sjå at her laut eit vekkjingsarbeid til so ungdomen kunde
få sans for sømeleg moro; og at det galdt å firma på noko som kunde
halda han burte frå drykken og dansen.
Alt dette og meir til gjorde at det var heilt naturleg at skiping av ung
domslag kom upp i fyrstningi av 90 åri. For den einskilde kunde nok
snart den eine og snart den andre sida av saki vera den avgjerande til at
at dei gjekk med ; men millom leidarane her i Vest-Agder var det denne sida
som i dei fyrste åri verka med størst tyngd.
Når ein skal skyna og tyda det store umslaget, den merkelege fram
gangen i fullt medvitande nasjonalkjensle, i fedrelandselsk og offervilje som
vårt folk synte frå 1892 og 1895 til 1905, so maa ein og rekna med det
arbeid som i desse åri er gjort i ungdomslag og paa ungdomsstemnor
nettupp millom den ungdom som i desse åri nådde fram til røysteretts
alderen.
ASKELL RØSKELAND.
FRA FLATBYGDENE PÅ AUSTLANDET.
Eg bad ofte han far at han endeleg måtte
skrive ned noko av det han hadde oplevd og
røynt, særleg frå dei stride kampåra frå 1880
og utetter. Aa ja, han tok så smått til med
å skrive sine «livserindringer», men — kom
ikkje langt. Eg trur han totte det var meir
nyttugt å hjelpe kvinnfolka med eit og anna!
Minningar! — Eg som sjeldan tenkjer
attende, alltid fram, eg skal skrive minningar!
Jaja, eg får vel bite i det sure eplet og prøve.
Kvifor tok vi til, mest heile landet over, å
samle dei unge i fyrste helvta av 90-åra? Eg
vil nå serleg halde meg til Østfold, og då vil
Olaf Funderud.
eg for det fyrste segja, at vi ikkje var utan mønster og forbilete. Diskusjons
møta og folkemøta til dei eldre, kampgnyet frå dei, smitta på dei unge, og
folkehøgskulen hadde gjort sitt også på desse kantar av landet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free