Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
20
I kvar bygd var der ein eller fleire som hadde vore på Sagatun, og
lærarane hadde vore på lærarkurs på Vonheim og i Telemark eller andre
stader. Eg hadde vore hos Ullmann på eit 6-vikors lærarskeid i 1891 og
fått åndsdåpen der. Den gongen tenkte eg, ung som eg var, ikkje større
ved det, nå skynar eg fyrst kva eg fekk på det kurset. Peter Slotsvik
hadde nå vore på mange kurs han, i Sogndal, Seljord, Elvrom, Rakkestad,
Eiker, Vonheim. Detta var det einaste eg var på av det slaget; for eg tok
til å bala med jorda, og då vart det lite tid tilovers om sumaren.
Men nå skal det ikkje gløymast, at vi her i Østfold hadde havt folke
høgskule av og til heilt frå 1870. Daniel Knudsen Sæter var den fyrste.
I 1873 hadde Nicolai Sørensen og Five, to studentar, eit kurs i Såner
(anneks til Vestby i Akershus), og her gikk mange frå Østfold.
Sea var det skule i Skjeberg, Enningdalen, Trømborg, Herland og
Askim, med Sørensen og sea L Trodal til styrarar. Peder Velde må og
nemnast. Han var lærar ein to — tre vintrar i høgskulen, men gikk så
over til amtsskulen her med Hans Lie som styrar. Velde og Lie var heil
huga høgskulemenn, så den amtsskulen kan vi rekne for høgskule. Høg
skulen og amtsskulen hadde mange møte og festar, og dei eldre var flinke
til å møte op. Eingong hadde dei eit «14-dagars møte» i Askim.
Alt dette var ei åndskveiking, og her må vi søkje grunnlaget for ungdoms
arbeidet på desse kantar.
Det var P. Velde som lærde meg soga, då eg som 16 års gut gikk på
eit kursus i Spydeberg 1886 — 87.
Og far min var med i den krinsen, så eg tidleg fekk vatn frå kjelda
hans Grundtvig.
Anten ei rørsle er i emning eller ho skal haldast oppe, må dei leidande
få sitt åndsinnhald frå ein eller annan kant. Eit godt grunnlag er bra, men
ein treng kvar tid ny næring, ein må ha friske kjeldor å ause av. Og det
hadde vi i 90-åra.
Husbondsretten i eige hus hadde vi endå ikkje fått, så det politiske ideal
var klårt og greitt nok. Her hadde vi ei kjelde. Men dei unge kan ikkje
nøgje seg med bare politikk, endå om vi tek med slikt som avhaldssak og
fredssak, ja ikkje eingong striden for målet og det nasjonale kan heilt ut
stette ungdomens trong til å leva med i åndslivet.
Men eit sentrum må dei ha; og i dei nasjonale spursmåla var det godt
nøringsto. Og dette vart vel det berande for flestalle ungdomar og
leidårar.
Er der så meir? Gud skje lov, hadde eg nære sagt!
Hadde vi ikkje den tid endå våre store skaldar? Eg skulde tru det. Og
dei tok tankar og spursmål op frå den heile, vide verda. Ja, den gongen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>