- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
22

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22
instinktiv uro, eller som bare vilde ha moro og «leva livet», ja, så vart det
kamp og strid då.
Fyrst nå byrja ein medviten motstand mot dei gamle «baller» og festar:
og det vart ein hard kamp Punsjebollen og kortleiken fekk ei stutt
levetid. Verre vart det med den åndstynande runddansen, for her måtte
noko nytt koma istaden. Folkevisedansen har nå gjort mye godt. Ung
domen kan moroa seg på fin og sømeleg måte.
Ja, eg minnest nok denne kampen og alle rådbøtene våre!
Foredrag og diskusjon for å overtyde, øving i folkeviseleik, song, ja,
songen då, fyrst og fremsi!
Eg var formann for eit lag i Båstad i 11 — 12 år, og eg reiste i alle
lag Eidsiva hadde. Men tid tok det fyrr ein fekk stridbukkane med! Kor
mangein gong måtte eg ikkje ut i gangen og få deim inn, få deim med!
Eller tala ein halvfull mann tilrette! Eg undrast om folk i framtida vil
skyna kva kulturarbeid dette har vore!
Fleire og fleire vart ihuga "og gjorde alt ein kunde vente av deim.
Når eg tenkjer på alle dei kjekke gjentor og gutar som trufast heldt ut trass
i alle vanskar, ja, då får eg hug til å taka dei i handa, takke og velsigne dei.
For det har grodd etter arbeidet vårt, det har eg set med eigne augo,
og vi må vone på meir frukt i framtida.
Eit lag står og fell med sine leidarar. Sviktar dei, vert alt til nedfalls,
kanskje for lange tider. Vi har set det og. Difor må vi hjelpe dei ung
domane som er eller kan verta leidarar. For det er arbeidet i dei einskilde
lag vi må byggje på, kvardagsstrevet der.
Eidsiva ungdomslag har halde nokre skeid for leidarar i laga, og ikkje
noko minne frå ungdomsarbeidet lyser bjartare. Slik som dei la seg i selen,
og slik von og tru dei hadde! Time etter time sat dei og lydde, og slik
som dei song og leika!
Men ein ting må ein ikkje gløyme, når slike skeid skal haldast, at
leidarane fyrst og fremst treng åndskveiken. I andre rekkje kjem øvingar i
leik, song, lesing eller kva det kan vera.
Av andre gode minne fra ungdomsarbeidet kan eg nemne stemnone og
årsmøta.
Vi hadde mye strid og kjekl på årsmøta våre, ikkje minst om målsaka.
Fleire lag har gått ut, fordi vi var for stride målmenn; men frå den andre
sida har vi fått fantord, etterdi vi var for lite «heilhuga». Sjølv tykkjer vi
nå det, at vi har halde leida tolleg godt.
To dagar tok vi oftast dei fyrste åra, med ein fest fyrste kvelden. Fleire
gonger var vi gjester hos Bondeungdomslaget i Oslo. Det var gilde kveldar
i Møllergata 20, det skal eg segja! Han Klaus stelte godt for oss — gikk der

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free