Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
21
var vi litterært gripne, skal eg tru! Kvar gong storkultane våre sende ei
bok ut fekk vi emne til diskusjon, mann og mann imillom og i laga. Alle
dei «store» levde endå. For ei rik tid, når vi ser attende. Lat vera, at
mangt var uklårt — der var då liv. Endå hadde vi ikkje så mange syklar,
bilar, fotball-lag og kinematografar til å uroa oss. Vi las, og vi tenkte,
levde med og var opglødde.
Bak alt dette yrande liv stod den vitskaplege granskinga. Vi hadde
gamle Ernst Sars, lat meg nemne han fyrst og fremst! — Les de noko av
han nå, ungdomar?
Men kanskje nokon trur, at vi var nøgde med våre eigne «store», anten
det så var skaldar eller vitskapsmenn?
Å nei. Lat meg nemne i fleng: Tolstoi, Spenser, Huxley, Darwin,
Hackel, og av eldre endå: Thomas Carlyle, Thomas Buckle, Emerson o.
m. fl. Vi hadde eit par karar som opna dørene frå vest: gamle Sørensen,
Fagerstrand ved Høvik, med sitt «Bibliotek for de tusen hjem». Han gjorde
eit godt arbeid den karen! Og H. Thambs Lyche med «Frie ord» og
Kringsjå.
Og det var ikkje nokre få som las desse bøkene. Nei, det var mange,
ikkje minst lærarar, og dei var dei leidande i 90-åra og utetter ei god stund.
Nå er flestalle falne frå, dessverre; og eg har ein mistanke om, at dei yngre
lærarane ikkje les så mye som årgangane frå 80- og 90 åra. Tar eg feil
så er det bra!
Det var sjølve livsspursmåla vi vilde ha svar på, vi søkte etter klårleik,
det var difor vi las, og difor vi reiste lange vegar til kurs og stemnor. Vi
søkte dei store vitskapsmenn, dei store skaldar, dei store filosofar, dei store
talarar. Og det meiner eg var rett.
At vi ikkje fann heilt fram den vegen, det er nok så. Men vi hadde
fare vegen, vunne røynsle, kvest tanken. Det var åndeleg vokster.
Nå er vi 40—50—60 år, vi som leita i 90-åra og utetter, og vi har
vel lært å søkje annan-stad, søkje innetter i oss sjølve, vi har lært å søkje
hos Frelsaren sjølv etter svar, tenkjer eg, og der, skynar vi nå, er svar å få,
om vi opnar hjarto våre.
Det er så: fyrst søkjer vi utetter, gler oss over venleiken der, orienterer
oss, er meir estetisk, enn etisk og religiøst gripne, så kjem den tida, då vi
kan verdsetja dei einskilde kulturfaktorar, då søkjer vi innetter — som
greinene dreg safter frå treet. Heile tida har vi soge næring derifrå, men
den tid kjem, at vi vert heilt klåre over livskjelda vår. Då lærer vi å
elske han som er kjelda til alt liv.
Når vi så kom saman med dei hine som inkje las og lite tenkte, folk
som ikkje ein gong hadde lært å spyrja, som bare vart drivne av ei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>