Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
24
Folkenborg, i Eidsberg. Den gongen heldt Hognestad eit foredrag om
fedrelandssongane våre. Denne talen greip åhøyrarane sterkt.
På årsmøtet 1910 gjorde vi eit vedtak som har bore gode frukter for
ungdomen på desse kantar. Det var det året vi fekk i stand Østfold folke
høgskule. I lange tider hadde vi tala på det, nå endeleg vert det alvor.
I 10 vintrar har det gått over 500 ungdomar ut frå denne skulen, mest frå
Østfold-bygdom, og av desse 500 får vi vel ein god del av våre kjerne
troppar for framtida Eg kjenner kvar og ein av desse, og dette kjennskapet
har gjeve meg meir og meir tru på folket vårt og ungdomen i det heile.
Eg har mange minne frå årsmøte i Norigs ungdomslag og. Men som
alle andre minne: ser vi attende er det med «blandede følelser».
Norge er eit stort rike, difor vert det vanskeleg å samle anten det så er
på den eine eller den andre måten. Og her har vore store vanskar. Dei
fyrste stemnone, i Trondheim 1897 og i Bergen 1898 var alt anna enn
vellukka, få med, og stemninga deretter. Men leidarane gav ikkje op. Peter
Slotsvlk og Anstein Myhr, skrivaren den gongen, arbeidde godt, men
vanskane var store. Sea har eg vore på Voss, i Søgne, ved Kristianssand
o. fl. stader, og har lært mange kjekke karar å kjenne, folk med fast karakter
og vilje, mange stridbukkar, men djerve og stortenkte og. Dei årsmøte og
stemnor laget har havt i alle desse år har gjort mykje til å binde lands
lutene saman. Eg kan ikkje tenkje meg dei ute av soga vår no.
Eg har fått høve til å samanlikne ungdomen her med ungdom andre
stader, og lært mykje av det.
All striden om lovparagrafar har for meg, som minst av alt er «juridisk
anlagt», vore ei rein pine; men det har vel vore naudsynt. Ein fast ytre skipnad
er bra. Bare ikkje ideane og stortankane vert borte i dei store papirhaugane.
Tar det lang tid, og er det mange vanskar med å få eit fylkeslag til å
gå godt, tar det endå lenger tid og er det endå mykje vandare å få eit
landslag til. Men nybrotsarbeidet er undangjort, barnesjukdomane vonleg
overstadne. For meg står det så, at arbeidet må leggjast på eit breidare,
meir ålmenmenneskjeleg grunnlag heretter.
Ja, det har vore mykje kav og slit desse 25-åra.
Vi er ved ein milestein i soga åt dei frilyndte ungdomslaga.
Som i alt anna har vi nå eit tideskifte i ungdomsarbeidet og. Eit slikt
tideskifte løyser og byggjer.
Ungdom må ha pietetskjensle og halde på det som er godt av det
gamle, men dei må og stå i kontakt med det nye som ovrar seg, elles eig
dei ikkje framtida.
Vi kan ikkje leva bare på romantikk og idealisme, vi må binde idealisme
saman med realisme.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>