Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
25
Større og vandare opgåvor enn nå har aldri nokor ny slekt havt. Men
er opgåvotre store, kan sigeren og verta stor.
Det står no på leldarane, om dei kan gjeva dei unge dei høge mål
som trengst.
Til dei beste minna mine frå ungdomsarbeidet høyrer gudstenestene ved
dei store stemnor; og arbeidet for å få ungdomsprestar til å reise rundt er
noko av det likaste Norigs ungdomslag har gjort.
Vi må få meir i den leida. Dei religiøse hugdrag hos dei unge må få
meir næring, og dei sosiale spursmål jamsides dei hine. Det er vel og
bra, at dei unge kjem saman til møte og fest, og føre/ seg fint og sømeleg;
men det er ikkje nok. Ennå er det alt for få som søkjer ungdomsskule, og
i det heile arbeider åndeleg. Vi treng studiekrinsar, som tek for seg sjølve
grunnspursmåla. Ungdomen les for lite. Dei må ta seg på tak med det
og. Dei skal vekkjast på møte og stemnor, men dei skal arbeide sjølve og.
Det er bondeungdom vi har i våre lag. Bonden treng å hevde seg
sosialt, men må samstundes sjå koss andre samfundsklassor har det. Han
må få syn for heile samfundet, og lære seg til å verdsetja alle kulturfaktorar.
Bøndene må byggje på eigen grunn i sed og skikk, i mål og minne;
men dei treng meir for sitt åndsliv enn dei kan få frå sitt eige land og
millom sine eigne folk. Så har vi eit program, som svarar til vår alvorlege
tid: Laboremus! Lat oss arbeide! Make the most of yourself! som
amerikanaren segjer, — gjer mest raad er ut av deg sjølv. Den gamle
individualisme må vidkast ut: på same tid som ein hevdar seg sjølv som
individ, på same tid må ein lære seg til å arbeide saman med andre, ofre
seg for andre, tene.
Det lyt verta ein brorskap, ikkje minst i det økonomiske. Og likskap —
politisk og rettsleg. Og fridom i det åndelege.
Måtte så Gud leggje si signing til arbeidet med norsk ungdom!
OLAF FUNDERUD.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>