- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
63

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

63
Det var sumaren 1919. Eg kom frå Oslo til Olden kyrkje i Nord
fjord, —ei lang kyrkjereis. Det var ein strålande solskinsdag. Og kyrkja
kunde ikkje på langt nær røma alle som var komne til ungdomsstemna.
So tok dei plass på kyrkjegarden, sat på gravene åt federne: unge og gamle!
små og store. Det var eit syn eg aldri gløymer. Og slik som dei lydde,
Og eg tenkte: å um Norigs ungdom alle stader og alle tider vilde lyda
soleis som her, når det vart tala um det store i livet, det største! Og eg
tenkte: å um Norigs ungdom alltid vilde halda ved lag samanhengen med
federne, soleis som denne symbolsk kom til uttrykk ved det at lyden sat på
gravene åt sine feder.
Men frå dei store stemnor der hundrad- og tusental av ungdom samlast,
går tanken til dei som steller med ungdomsarbeidet, kvar i si grend. Me
som talar ved stemnone, me gløymer ikkje at når so mykje ungdom møter
fram og ter seg vakkert, so det er hugnad å sjå, so er det desse ungdoms
arbeidarane å takka. Bakum den strålande stemna ligg det truge offervil
jugt arbeid frå dag til dag, frå år til år. Bjørnson talar um å lyfta i flokk.
Me veit det vil gjerne vera so at den eine må lyfta dei mange. Det vil
segja: han må lyfta dei store hugmål upp for dei andre, so dei vert tekne
og lyfte upp av dei same hugmål som han sjølv brenn for.
Eg har på ferdene mine i Trøndelag og her aust møtt ungdomsarbeidarar
som det var liten eldhug å merka hjå. Men hjå andre brann den heilage
elden, ofte der det var tungt å arbeida. Det var lærarar, det var bønder,
det var bondegutar. Sume av dei ligg isi grav. Gud signe dei, der dei
er no! Sume står enno i brodden for ungdomsarbeidet — trass i dei grå
hår. Dei har alltid levt millom dei unge og for dei unge. Difor vert dei
aldri gamle.
Arbeidet for det norske målet har frå fyrste stund havt fremste romet
på programmet åt Norigs ungdomslag. Det vil framleis måtta vera so. For
enno er det langt fram fyrr me har nått målet: norsk tale og norsk skrift
mål i alt Norigs land. Det spørst um tru på siger og vilje til siger. Og
kan me tvila på at den norske lina i åndslivet vårt skal sigra til sist? Nei,
og atter nei !
Biskop Wexelsen forma slagordet: «Norskdom og kristendom». Dei to
ting skulde høyra saman i det frilyndte ungdomsarbeidet. Og eg tenkjer
at 25 års soga åt dette arbeidet provar, at der desse to sidor har gått
heilast saman, der har arbeidet sett dei djupaste og varigaste merke.
Eg har tala um glansen over ungdomsstemnone. Eg vilde gjerne det
skulde stå glans over kristendom og kyrkje for ungdomen, at ungdomen
skulde skyna at kristendomen ikkje legg skuggar over livet, men tek skuggar
burt, gjev lyftingsmakt til livet vårt, so det ber upp og fram trass i alle

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free