Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
62
Eg kjem i hug den presten som sagde: «Dersom eg fekk halda berre
ei preik um året, då skulde eg halda god preik, då!»
No, det er elles ikkje so visst. Eit visst mål av stadig øving aukar evna.
Men for mykje er jamt gale. Og hev eg gjort illa her, so fær ein skriva
det noko på, at kravi hev vore mange og eg hev vore åleme. Det er sant,
som han sagde ein sokneprest til meg ein gong: «Hadde kyrkja havt mange
slike reiseprestar som du, so hadde der no set onnorleis ut religiøst i
kyrkja vår!»
Eg sluttar med å segja, at eg hev havt mang ei rik gledesstund og hev
aldri vore so glad i noko arbeid som i det eg hev no. Og eg hev lært
å tru på den frilyndte norske ungdomen. Det er det beste folkevyrket ein
karm hava å arbeida med. Der er idealitet og der er vilje. På stemnor og
i kvardagslaget hev eg kjent meg lyft av dei glimande ungdomsaugo. Med
Guds hjelp skal me nok nå fram til eit heilvakse og fribore åndsliv i Norig.
Når me fær venda fedrane sitt hjarta til borni, og borni til fedrane. Tek
kvar og ein sin vesle stein, vert snart vår åker rein.
RASMUS HAUGSØEN.
NORSKDOM OG KRISTENDOM.
I kjærleik varm og mild
me legg vår vilje til,
då veks det fram."
(Garborg).
Det var i året 1904, den 4 juli. Eg kom
frå Stavanger, der eg den gong var prest. Eg
var van med ei fager kyrkje: domkyrkja. Men
som eg stod og tala ute i bjørkelunden på
Ullensvang prestegard i Hardanger for umlag
4000 menneske, klædde i festleg bygdebunad,
medan alle dei tusen på tusen frukttre stod i
blom, so heile bygda var som ein einaste angande
hage, fjella snøklædde, liene grøne, fjorden blå-
Jakob Sletten.
nande nedanfyre, og so over det heile strålande sol, — då måtte eg segja
til meg sjølv: denne kyrkja er endå fagrare. Det var eit syn eg aldri
gløymer. Og glansen av denne fyrste ungdomsstemna eg tala ved er den
dag i dag like sterk.
Eg tenkte den gongen, og eg tenkjer enno: soleis skal der stå glans av
ungdomslivet i dette fagre landet og av arbeidet millom Norigs ungdom.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>