Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
67
stantiske land fylgde etter. Me nordmenn kjem «um ikkje so brått», for
den norske bibelen er i kjømdi.
No vil ikkje eg påstå at dansk til kyrkjemål hindrar vaksen ungdom
frå å fata kristendomen.
Det karm vera leidt nok i barneåri; i mognare alder derimot skynar me
dansk-norsken ; men det kjennest ikkje heimsleg i ei kyrkje med dansk sal
mesong, liturgi og dansk-norsk tale. I ei prenta kvitsunpreik av den danske
ungdomstalaren Ricard står desse ordi: «Læg merke til den Danskhed der
ånder dig imøde i Danmarks Kirke. Hvor kender vi os ikke hjemme, når
vi synger blot to Linjer som disse» : «Det ånder himmelsk over Støvet», det
hvisker hjemligt gennem Løvet;» den Forening av Naturfølelse og Evigheds
liv er uforlignelig både «dansk og kristen». Denne sameining må me og
nå, derfor høyrer norskdom og kristendom saman. Den ungdom som kjem
i kyrkja utan religiøs røynsle, men med ideell trong, må fyrst og fremst
kjenna seg heime der. Fargar, tonar og språk må lokka dei beste barne
minne fram or hjartekrærne, då sit ein med godvilje i kyrkja og sjelene
opnar seg lettare for den store meister som vil inn.
Det karm vel finnast dei som meiner at um kristendomen står på merket
vårt, skal det ikkje vera vårt medvitne arbeid å føra ungdomen fram mot
personleg kristeleg uppleving; for i ordet frilyndt ligg einast det at me er
vidsynte og gjerne gjev rom for åndsovringar, og då sjølvsagt for kristen
domen som den største åndsmakt i verdi. Etter det nasjonale synet segjer
mange at skal me ha ei kyrkje, so skal ho vera norsk. Det er mykje godt
i desse synsmåtar og. Frilyndt ungdom bør ikkje vera framand for ei makt
i folkelivet som kristendomen trass i alt er; det er og eit reinsleg instinkt
som vil ha kyrkja vår norsk; men berre på desse grunnar byggjer me aldri
Olavs kyrkje upp att. Får ikkje Kristus gløda sjelene, vert alt vårt kyrkje
strev berre spreidde ytre tiltak utan varande verd. Tenk på norskdomsrørsla.
Er det dei med norsk samhug som bar ho fram, eller er det dei som var
døypte i eldhugsdåp? Ingen treng ottast at ungdomsrørsla vår skal koma
inn i ei bakevje um Kristus får ei sentral stode. Han er den beste styres
mann, det gjeld berre um at frisynet og vidsynet byggjer båten.
Mi røynsle er at det går munaleg fram med arbeidet vårt. Den låke
krigstidi kom me vonleg over utan varande mein; og no lydest det frå ymse
kantar at ungdomen fylkar seg tettare ikring merket vårt; og mange gamle
motmenn gjev upp. Ein gamal prest sa nyleg til meg: «Jeg har set med
uvilje på den frilyndte ungdomsbevægelse; men jeg er overvundet; for når
den kan fremelske så megen begeistring og uegennytte, må den være av
det gode».
Den nasjonale kyrkjetanken har ikkje halde steg med norskdomstanken
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>