Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
68
elles, ikkje eingong i det ytre; han er då ogso mykje yngre, og alt låg
nedvelt i aur og sand. Kunnskapane våre um norsk kyrkjeliv i gamal tid
er små. Mangt har dei funne fram; men endå er det mykje som vantar.
Han som karm mest — dosent Kplsrud — må snart gjeva oss Norigs
kyrkjesoge. Flokken av norsktalande prestar aukar stendugt, og flestalle
har fått sin fyrste kveik i dei frilyndte ungdomslag. Dei norske salmane
er vortne kjære millom ungdomen, men den norske salmetonen er dessverre
ikkje vår endå; for tonane me nyttar er ofte syrgjeleg lite norske.
At ungdomen er glad i kyrkja, syner alt det arbeid som er gjort til å
verna um dyrverduge kyrkjeminne og gjera kyrkjehusi unelegare og fagrare.
Her i Trøndelag har ungdomslagi mange stader fått til «kyrkjeprydnads
fond», og det vert årvisst ytt pengar. — Det er grunn til å tru at ei kyr
kjeleg-religiøs reising millom frilyndt ungdom no vil melda seg; men endå
er det berre i emning. I grannelandi er dei komne lenger.
Ser me framover er det mange uppgåvor som melder seg. Eg skal
peika på sume: Norigs ungdomslag har alt sett i gang ungdomsleidarkurs;
men det må verta meir fart i dette arbeidet. Fylkeslagi må kvart år ha slike.
Dei vil skapa samkjensle lagi imillom og gjeva den praktiske dugleiken som
trengst. Når so mange lag har sovna inn, er alltid grunnen den at dei sak
nar førar.
Billeg lesnad må og ungdomen få — framand litteratur umsett til norsk.
Jolebøkene, både dei norske og norsk-danske, er so dyre at dei fleste hev
ikkje råd til å kjøpa rett mange, men lesehugen er stor, og so vert det dei
billege danske bøkene å ty til. Dei fløymer utover alle stader. Jamvel i
dei beste målbygder finn ein handelsmenn som held stort lager av danske
bøker og vikeskrifter, og etterspurnaden er overlag stor. Dette systemet
held liv i armodskapen som trur at dansken er norsk i Norig, for dei fær
raste legg merke til at prentestaden er Kjøbenhavn; og knotet trivst i livd
av denne lesnaden. Me er eit juridisk folk og har me løyst språkspursmålet
på lovvegen, trur mange at lasset er framme. Men att står då å kultivera
språket, og gjenom det seg sjølv. Her må kunstnarane hjelpa til, difor må
me ha billege norske bøker som karm tevla med dei danske; og er fyrst
sansen for norsk lesnad vekt, skal nok avsetnaden verta større på dei origi
nale norske bøker, som bør verta umissande for ungdom med høgre
daningstrong.
Eg har ei sterk kjensle av at rørsla vår er lite kjend utum vår eigi lan
degrense, og dette karm verta til üboteleg skade i framtidi. Me vonar alle
på eit sterkare skandinavisk samarbeid, men til det må me møta fram som
nordmenn. Ifjor sumar hadde den kristelege studentrørsla skandinavisk
stemne. Det var nokre herlege møtedagar, um ein berre hadde kunna gløymt
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>