Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
69
Norig ; men den som ikkje det kunde, kjende det overlag sårt at norske
studentar karm lita seg med so lite norskdom. Svenskane var ein samla
fylking. Dei tala sitt svenske mål og song sine songar. Me nordmenn
pjatta for det meste etter danskane som viset vårt er, og norskdomen fekk
eit ynkeleg husmannsrom. Dei reint politiske ungdomssamkomor har og,
etter det eg fretter, helst halde vår sernorske sak utum ordskifte. Vore det
ikkje på tidi at Norigs ungdomslag søkte samarbeid med frilyndt ungdom
i grannelandi? Grundtvigs arvtakarar i Danmark er skynsame; og frilyndt
svensk ungdom syner og samhug. Det vil falla dyrt no å reisa millom
landi på stemnor; men av og til kunde me vonleg sjå oss råd til det; og me
kunde låna ut stemnetalarar til kvarandre. Kanskje me på denne måten og
kunde opna vegen for norsk litteratur. Grannane karm læra mykje, og
truleg har me sumt å læra deim. Slik skandinavisme vil elda oss til djer
vare og meir offerviljugt arbeid heime, og vil hjelpa til å gjeva det unge
Norig den stoda det må krevja i nordlandi.
KNUT EIK NÆSS,
Halfdan Freihow.
Vyrde rett!
IKKJE SKULDIG!
Ein vaksen mann hev eit livssyn, der røynslor
og tenkning gjev grunnar for livsferdi. Ein vaksen
mann gjev tankar, kjenslor og vilje til ei sak, ei
rørsle, som tykkjest sannsvara med livssynet hans.
Hugheilt gjev eg kreftene mine til det livet
som syng i den frilyndte ungdomsrørsla, til sjølve
den livsleidi som denne rørsla syner og er.
Den som er so heppen (!) at han hev skyldfolk
og kjenningar millom dei som ser det som ei
uppgaave å strida mot den ånd ungdomsrørsla
tolkar, han er med glede advokat for den fri
lyndte ungdomen.
Ein forsvarstale
Det var eit stygt klagemål som kom fram mot den frilyndte ungdoms
rørsla. I fall den skuldingi var sann, då stod eg ikkje her som advokat for
den frilyndte ungdomen.
Den lange talen åt aktor gjekk ut på å syna at det frilyndte ungdoms
arbeidet hindrar sann kristendom millom ungdomen.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>