Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
76
•<
Til å vekkje samhug vidare utover og karm hende narre andre til å
freiste, fekk eg so Garborg til å tala um dansen i Bondeungdomslaget i
Oslo. Og på den vesle trammen i salen i Møllergata 20 synte me so fram
den fyrste vesle freistnaden vår etter foredraget.
Eg hadde rekna ut, at når eg fekk Garborg til å tala um saki, so vilde
lagsfolket gjeva gaum. Eg skreiv upp for han det eg sjølv hadde lese hjå
Thuren og i Molkte Moe’s fyrelesingar um folkevisune, som eg fekk låne,
og folk tykte nok det var forvitneleg. Dansen vår fekk og stor fagning,
endå so framandt det måtte vera for alle, og so lite me kunde.
Men då eg fekk sjå dansen på Færøyane i 1902, skyna eg at Hjalmar
Thuren si rettleiding var uheil, med di han ikkje hadde noko um at dan
sarane måtte stå etter kvarandre i ringen, soleis at han heile tidi sviv mot
vinstre. Stend ein side um side som i vanleg leik vil ringen gå fire steg
til vinstre og to steg attende. Og soleis hadde me gjort. Men mange lika
dette og, so det vart standande som ei sers form, bruka til stillfarande
dans, slik som romansar og lyriske visur krev.
Då eg kom att frå Færøyane skreiv eg til hr. Thuren um koss dei der
stod i ringen, og han takka i to lange brev, som synte kor varmt han var
interessera i freistnaden vår. Same året reiste han sjølv til Færøyane, og
gav sidan ut eit stort vitskapleg verk um folkesongen på Færøyane.
So tok. me då til å freiste på Færøy-måten. Betre grunnlag karm me
ikkje byggje på. Men sjølvsagt vil me aldri her koma til å danse og syngje
plent som færingane. Dei hev sin eigen syngjemåte, som minner noko um
den måten våre gamle fjellbønder syng salmar og kvad på. Det høver
framifrå til den sterke dansen. Men endå um det var råd for oss å lære
den måten, vilde det aldri verte naturleg for oss å bruka han; song og
dans vil skifte lag som alt anna etter folkelynde og ta meir eller mindre
farge av tidi. Og dei åri som no er gjengne sidan me tok til med song
dansen, hev synt at me måtte gjera dansen norsk, um han skulde bli
levande her.
— Andre gongen den vesle dameringen i Oslo. synte fram kunstene sine
var den 22de november same året i Oslo Gilde. Og alle var tekne av dei
fine songane, som eg trur mest alle høyrde for fyrste gongen.
— Men so tok me til i Bondeungdomslaget, og sidan er det mest
berre der dansen hev vore driven i Oslo.
Og derifrå breidde han seg snart utover landet til andre lag.
Men det vart som Valtysson hadde sagt hin fyrste gongen, at me måtte
ta til å laga lettare måtar enn den store Færøy-ringen.
For her skulde me ikkje berre lære å danse; me skulde fyrst og fremst
lære å syngje våre gamle gløymde folkevisur att. Og det tok tid. Anten
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>