- Project Runeberg -  Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år /
77

(1921) [MARC]
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

77
eg kom til bygd eller by, so var visune ukjende, og alle tykte dei var
vande å lære. I byane hende det og at dei unge «ikkje skyna» målet i
visune. Men det var ikkje ofte.
Etterkvart vart det då so at dei skreiv mest frå alle kantar av landet og
vilde ha meg til å danse.
Ofte var eg reint upprådd. Eg hadde då minst av alt tenkt å bli dan
semeister på mine gamle dagar. Men det er ikkje sjeldan so i livet, at ein
gjev seg ut i ting som fører lenger ut på viddi enn ein drøymde um.
Likevel var det rådlaust å slutte, for det var då ikkje noko eg heller
vilde enn at ungdomen skulde freiste seg på songdansen, som eg av fleire
grunnar tykte var fin og god moro. Eg måtte då tøygje meg so langt eg
kunde, og arbeidet med dansen kom til å ta mykje av tidi mi i mange år.
Slitsamt var det, og hefte meg sjølvsagt meir enn godt var i anna arbeid.
Men eg vona alltid, at eg snart skulde bli avløyst av yngre krefter, og til
då fekk eg halde ut. For eg var glad i songdansen, og eg trudde og han
kunde verte til gagn og glede for ungdomen, som eg tykte hadde altfor
lite av god moro.
Men stundom når det gjekk trått, vart eg modlaus og tenkte med sorg
på tidi som gjekk. Alltid reiste eg med eit manuskript i kufferten og frei
sta arbeide på hotellromi um dagane, men var jamt for trøytt. Og karm
hende vart det ikkje noko heilt og varugt av dette lei. Karm hende fekk
det skjemteblad i Oslo rett, som under eit bilete av meg, der eg stend med
eit digert kippe utdansa skor, skreiv: «det eneste resultat av Hulda Garborgs
arbeide med folkevisedansen».
For allting i tidi drog ungdomen i onnor leid, burt frå alt heimleg,
burt frå alt som kravde tankar og arbeid. Film og lette runddansar til
dragspel og grammofon var gjævare enn alt. Å snurre sanselause ikring,
hengje i armane på einannan i tunnebandskjolar og høghæla skor til sim
pel bulemusikk vart fint på landet som det var i byen. Arbeidet imot
denne ukulturen var som å setja fingeren i ein foss for å stogge han.
Men når eg so kom i eit av dei gode ungdomslagi og fekk sjå ein
ring av klårøygd og frisk ungdom som song og leika fint og truverdug
og lyste av moro og glede over kvar ny leik og kvar ny vise, då tenkte
eg: nei, det er ikkje vonlaust lei, du fær nok henge i.
— Soleis gjekk nokre år, og songdans vart snart fast moro i alle dei
frilyndte ungdomslagi. Men få skyna til fullnads kor langt og hugheilt
arbeid det skal til for å få den dramatiske songdansen retteleg god.
— Det gode Bondeungdomslaget i Oslo var alt i den tidi populært, og
då det fekk ein leikaring, vart det svært på moten å få denne til å danse
på alle slag framsyningar. Dei stakkars dansarane sleit ofte hardt, og hadde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Fri Jan 24 23:38:00 2025 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ungdom25/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free