Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
97
studenten Birger Martinussen, som døydde så
altfor ung, og Anny Martinussen, det er dei
som meir enn andre har halde idealfana i ung
domsarbeidet høgt og gjort «Framheimen» til
eit kultursentrum i bygda, og «Fram»laget til
eit med dei beste laga i fylket. I lang tid
dreiv laget husflitskurs kvart år, ei stund dreiv
det grønsakhage og skipa grønsakkurs, no siste
året hadde det navigasjonskurs. O. s. fr.
Hand i hand med systerlaget Bø mållag har
det gjort gagns arbeid for norskdomssaka. Ymse
andre lag med serskilte opgåver har sprunge
ut frå ungdomslaget, eller er knytt til det,
såleis sanitetslaget, avhaldslaget o. fl. «Fram»
Martin Enge.
fekk 16 lagsfolk same kvelden det vart skipa. Seinare har talet på lagsfolk
halde seg kring 100. Formann no er lærar Johannes Eidnes. Han har
vore formann sidan 1916. Ungdl. «Fram» er det einaste laget i fylket
som har sendt årsmelding og årspengar årvisst sidan det vart innmeldt.
Ungdomslaget «Ungbirken», også i Bø, er det største laget i fylket, med
ein lagsflokk på ikring 140. Dette laget er skipa same året som «Fram».
Av andre lag som har arbeidt nokolunde i samanheng sidan 1906 skal
nemnast ungdl. «Varden», Jennestad, ungdl. «Hugin», Sortland, ungdl. «Idun»,
Bleik, og ungdl. «Trygg», Grytting. Og «Lyngblomen», Åse.
«Skogstjerna», Valberg, og «Vårblomsten», Fiskenes, har gjort mykje til
at dei har fått norsken til skulemål, kvar i sine krinsar.
Optaket til å samle dei spreidde ungdomslagstiltaka kring i Nordlands
Olav Eide.
7 - Norigs Ungdomslag.
bygdene vart gjort under ei ungdomsstemne
på Nesna (Helgeland) i 1901. Det var lærar
Martin Enge (no ved fylkesskulen i Fauske) og
bladstyrar Olav Elde som sette fram tanken og
kom med framlegg til lover for ein samskipnad.
Føremålet skulde vere å fr,eiste samle på sams
«nasjonal og kristeleg» grunn og til sams arbeid
alle lag som var skipa i Nord-Norge, både dei
«kristelege» og dei «nasjonal-frilyndte» og — dei
programlause. Samskipnaden skulde heite Nord
lands ungdomslag og førebils ha 3 krinsar:
Hålogalands, Saltens og Lofoten og Vesterålens
krins. Tanken var då å få med nye krinsar i
Troms og Finnmark fylke seinare.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>