Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
98
Det fell gjenom dette føremålet ein liten ljoske over dei første ung
domslaga her nord, som var skipa frå 1894—95 og utover, og som det
no galdt å samle — på sams grunn. Det viser seg at somme av dei må
ha vore tufta på eit einsynt «kristeleg» program-grunnlag, medan andre har
vore like einsynt «frilyndte». Og spørsmålet var kven som no først kom
til å leggje Nordland under seg— : den kristelege eller den frilyndte lands
samskipnaden. Då er det at desse skiparane av Nordlands ungdomslag vil
freiste slå ei bru mellom dei stridande partane og samle alle krefter, som i
grunnen arbeider mot det same målet: å lyfte folket op av likesæle og
åndløyse. Ein karm ikkje fråkjenne denne planen stordom og djervskap.
Og framsyn!
Fyregangsmenner i Liland ungdomslag, Ofoten, skipa 1902
av Ole Tobias Olsen.
Randulf Rise.
Fredrik Eide, Anna Eide, Konstanse Solli.
skipingsmenner.
Det er karm hende eit slumpehøve at ordelaget «på nasjonal og kristeleg
grunn» vert gjort til samlingsmerke, med di det nærmaste føremålet var å
gje eit sams program for dei kristelege og dei frilyndte ungdomslaga, som
tevla om plassen i bygdene her nord. Det er likefullt forvitneleg at «norsk
dom og kristendom» vert sett til programsak for ungdomsarbeidet for første
gongen her nord, fleire år før Nidarosbispen forma sitt testament til den
norske ungdomen, og utan at ein karm finne noko førebilete andre stader
ifrå. Det skulde elles ikkje vere noko underleg om denne samlingstanken
vart fødd og først fann seg form her nord. Som eg før har peika på, ligg
han nær for den som strevar med ungdomsarbeidet i Nordland. Og han
er tilrettelagd i heile livsgjerninga til nordlendingane Klæbo og Blix.
karm ein segje om Klæbo at han, som kanskje sterkare enn nokon annan
har kjent kva verd ei samling «på nasjonal og kristeleg grunn» vilde ha for
folket, at han i dikt og skrifter nyttar ord og vendingar som gjer at den
programforma tanken har fått, beint fram melder seg av seg sjølv.
— Men «samlingstanken» varm ikkje framgang. Dei «kristelege» ung
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>